Sjå sprint-VM direkte frå klokka 09.05 laurdag.
– Eg vart nummer fem i fjor, og håpar å vere der oppe i år også, sa Espen Aarnes Hvammen før avreisa til sprint-VM i koreanske Seoul.
– Og dersom eg kan kapre ein pallplass på 500 m, skal eg vere godt nøgd, seier Norges fremste sprinter til NRK.
Både mennene og kvinnene skal gå 500 og 1000 m både laurdag og søndag.
Hvammen er det største håpet i Norges tropp.
– Det var nok enkeltidstanse-VM som var det største for meg i år. Men der gjekk det ikkje heilt etter planen, derfor er eg svært revansjelysten no, seier Hvammen.
For på distanse-VM i Kolomna for to veker sidan fekk han det ikkje til på spesialdistansen 500 m, og hamna heilt nede på 15.-plass.
– Det er vanskeleg å setje fingeren på kva som gjekk gale. Eg var ikkje i «sona» før løpet, og gjorde ein feil etter berre to-tre meter. Der la eg att to tideler, og det er skilnaden på å vere pallkandidat og å vere 14-15.
– Det var ein tung dag, men eg trur eg lærte mykje av det, seier han. – Det er ting eg kjem til å få bruk for i Seoul, legg han til.
Og det er motiverande for Norges beste sprinter å sjå at heile laget presterer, og at det er ei gruppe på seks løparar som derfor får reise bortover.
– Det viser at det vi gjer, fungerer. Og det er ekstra moro å vere hærføraren, seier Espen Aarnes Hvammen.