Hopp til innhold

Hushovd: – Det er heilt overveldande

Etter ei utruleg opning på sykkelsesongen, trur Thor Hushovd at dette kan bli den beste norske sykkelsesongen nokon sinne.

Kristoff, Hushovd og Hagen på pallen

IMPONERT: Thor Hushovd let seg imponere av sine tidlegare lagkameratar Edvald Boasson Hagen og Alexander Kristoff. Her frå NM i Grimstad 2013

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Tidlegare toppsyklist Thor Hushovd er frå seg av begeistring for kva dei norske syklistane har fått til so langt i sesongen, og trur me har mykje meir i vente.

– Sesongopninga til nordmenna har vore overveldande. Det tyder på at det kan bli tidenes sesong for norske syklistar, seier Thor Hushovd.

Norsk dominans

I går vann Alexander Kristoff sin femte siger i 2016 og har i lag med Edvald Boasson Hagen sørga for ein fantastisk start på sykkelsesongen sett med norske augne.

I eit av årets første etapperitt, Tour of Qatar, tok nordmenna fire av fem etappesigrar. Forrige veke følgte dei opp med tre av fem sigrar i Tour of Oman.

CYCLING-OMAN-TOUR

TRUR PÅ MEIR JUBEL: Thor Hushovd trur at Edvald Boasson Hagen og dei andre norske kan få mykje å juble for denne sesongen.

Foto: ERIC FEFERBERG / Afp

Med fleire store namn på startstreken, tykkjer Hushovd det er imponerande å sjå den norske dominansen so langt.

– Det er ikkje noko å sei på nivået, sjølv om toppane kanskje manglar. Det er imponerande når Kristoff spurtar i frå Mark Cavendish, og Boasson Hagen kjempar med Vincenzo Nibali.

Kan bli den beste nokon sinne

Med ei sterk opning på året, og eit breidt norsk sykkelfelt, trur Hushovd at det kan bli ein jubelsesong for norsk sykkel.

– Me har mange norske proffar, og det i seg sjølv ligg til rette for den beste norske sesongen nokon gong. Når dei to spydspissane legg lista slik som dei gjer, trur eg me kan få ein fantastisk gøy sesong, fortel Hushovd.

Trenaren til Boasson Hagen, Fredrik Mohn, meiner at det rett og slett er på grunn av at dei trenar meir enn utlendingane.

Kristoff slår Cavendish på målstreken igjen

NY SIGER: Kristoff sler Cavendish i spurten på andre etappe av Tour of Qatar.

Foto: ERIC FEFERBERG / Afp

– Må våge å kvile litt

Også i fjor leverte norsk sykkelsport ein av tidenes sterkaste sesongar. Alexander Kristoff vann Flandern rundt og tok totalt 20 etappesigrar.

Edvald Boasson Hagen vann Tour of Britain samanlagt.

Men fjoråret handla også om enkelte nedturar.

Eit kragebeinsbrot øydela sesongen til Boasson Hagen, medan det bare blei nesten for Kristoff og Boasson Hagen i Tour de France, som kjempa om triumf på fleire etappar.

I år håpar Hushovd at stjerneduoens form vil holde heile sesongen gjennom.

– Det er lenge til dei største måla, men viss dei gjer ting riktig, og tør å kvile litt, er eg sikker på at dei er i kanonform når dei må.

Thor Hushovd verdensmester

VERDSMEISTER: Thor Hushovd trur at det er mogleg å toppe tidlegare bragder på sykkelsetet. Her syklar han inn til VM gull i 2010

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

Og det er i dei store vårklassikarane dei verkeleg skal få måle krefter med verdseliten. Om snaue fire veker går den første av dei, Milan-San Remo, av stabelen. Der vann Kristoff i 2014, og er ein av dei største favorittane.

Hushovd trur at begge to har gode sjansar i samlege av klassiker-ritta.

– Begge kan vinne fleire av dei store klassikarane. Eg håpar at Edvald køyrer Amstel Gold Race, der kan han lett stikke av med sigeren.

Siste nytt

  • Solbakken gjør én endring på laget

    Landslagssjef Ståle Solbakken har funnet plass til Ola Solbakken på bekostning av Sander Berge til oppgjøret mot Georiga. Dermed er det én endring fra laget som tapte 3–0 for Spania: Ørjan Håskjold Nyland – Marcus Holmgren Pedersen, Stefan Strandberg, Leo Skiri Østigård, Birger Meling – Martin Ødegaard, Patrick Berg, Fredrik Aursnes – Ola Solbakken, Alexander Sørloth, Mohamed Elyounoussi.

    Ola Solbakken
    Foto: Fredrik Varfjell
  • Nye IOC-anbefalinger – dårlig nytt for Bolsjunov

    IOC-president Thomas Bach sier tirsdag at IOC står fast ved fordømmelsen og utestengelsen av Russland og Belarus, men organisasjonen har ennå ikke vurdert hvorvidt russiske og belarusiske utøvere skal få delta under nøytralt flagg i OL i 2024.

    Forutsetningene for å slippe til russiske utøvere er følgende, ifølge en pressemelding sendt ut fra IOC:

    * Utøverne må konkurrere som nøytrale.
    * Ingen får delta som lag.
    * Utøvere som støtter Russlands krig er ikke velkommen.
    * Utøvere som er en del av hæren, får ikke delta.

    Flere russiske utøvere er tilknyttet hæren, deriblant Aleksandr Bosljunov. Langrennsstjernen har tittelen kaptein i Putins hær.

    – IOC skal diskutere dette når tiden er inne, uavhengig av om de (utøverne) har kvalifisert seg for OL gjennom kravene i deres enkelte internasjonale forbund, sa Bach på en pressekonferanse.

    – IOC føler dypt med det ukrainske folk og det ukrainske olympiske miljøet. Smerten og lidelsen er forbi fatteevne, uttalte IOC-presidenten.

    Thomas Bach
    Foto: FABRICE COFFRINI / AFP
  • Vipers må kutte i spillerstallen etter millionunderskudd

    Håndballklubben Vipers har hatt flere sesonger med et positivt resultat, men gikk med underskudd i fjor, skriver Fædrelandsvennen.

    – Isolert sett er jeg ikke fornøyd med et underskudd, men det var budsjettert slik at vi visste i hele 2022 at det gikk mot et underskudd. Det ble noe større enn budsjett på grunn av høyere lønnskostnader og reisekostnader spesielt til Champions League, sier styreleder Rune Nomeland i Våg HK til Fædrelandsvennen. (NTB)

    Vipers-seriegull
    Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
Nektet å prate om Haaland - så skjedde dette 01:00
Neste