– Det vanskelege etterpå er det ekstra maset frå media, arrangør, sponsorar og ikkje minst laget, seier Hushovd, som vann VM i 2010.
– Ein VM-vinnar må stille opp på mange fleire oppdrag og intervju, og då blir det mindre fokus på trening, seier Hushovd.
Alexander Kristoff ser på VM-tittelen som det største ein kan oppnå i sykling, men utfordringane det fører med seg ønskar ikkje 28-åringen.
– Eg føler eg stiller opp på nok allereie. Eg vil ikkje ha fleire medie- og sponsoroppdrag enn eg har no, seier VM-gullfavoritten.
– Kan gå ut over prestasjonane
Dersom det blir mindre fokus på trening, kan han bare gløyme å prestere like godt dei kommande sesongane som han har gjort i år, meiner Kristoff sjølv.
– Det er vesentleg for at eg skal kunne prestere vidare og fortsette på høgt nivå. Du kan ikkje gjøre fleire oppdrag som vil øydelegge for treninga, seier årets mestvinnande rytter.
Medan norske idrettsstjerner som Petter Northug, Mats Zuccarello Aasen og Suzann Pettersen har eit stort støtteapparat til å ta hand om media og reklameoppdrag, må Kristoff ofte ta seg av mykje meir sjølv.
Det kan det bli ei endring på om han vinn VM i USA.
– Fleire oppdrag vil gå ut over treninga og prestasjonane, seier trenar Stein Ørn.
– Vi utelukkar ingenting med tanke på å tilsette nokon i apparatet rundt Kristoff, men foreløpig held vi det der det er no for å unngå ein for kompleks organisasjon, seier Ørn.
Større enn OL
Men samtidig er det lite som slår det å vinne VM, fortel Husovd.
– Det ligg mykje bak ein VM-tittel i sykkel. Historie, nostalgi og denne trøya. Og det er akkurat det som gjør VM ekstra spesielt, ein får sykle med regnbogetrøya eit helt år. Det er historia som gjør denne trøya ekstra spesiell, seier den tidlegare sykkelstjerna.
– VM er størst. Det er til og med hakket høgare enn OL, sjølv om OL bare er kvart fjerde år, seier Kristoff.