– Eg reknar det som hundre prosent sikkert at Ståle ein eller annan gang blir landslagssjef. Det ser eg på som veldig naturleg. Når det blir får vi sjå, men at han ein eller anann gang får jobben er eg sikker på, seier Høgli til NRK før møtet med Bulgaria i Sofia.
I mai 2011 valgte Solbakken å bryte kontrakten han hadde med Norges Fotballforbund om å ta over landslagsjobben 1. august 2012 og heller bli Köln-trenar.
Det overraskande valget blei ikkje sett på som illojalt av toppfotballsjef Nils Johan Semb, men NFF-generalsekretær Kjetil Siem sa seinare til VG at Solbakken hadde spelt kortene sine dårleg med tanke på å få ein ny sjanse for Norge.
– Han har sagt nei til jobben etter å ha fått den ein gang før. Det er ikkje noko pluss. Han har gjort seg sjølv uaktuell gjennom å seie nei tidlegare. Vi vil helst ha nokon som synes dette er den mest attraktive jobben, sa Siem til VG i 2013.
– Kan vi vere 100 prosent sikre på at han ikkje vil ut av avtalen neste gang? Han har ei ripe i lakken, så får vi eventuelt sjå hvor djup den er, sa Siem til Dagbladet samme år.
– Vi treng nokon med karisma
Landslagsback Tom Høgli, som har spelt under Solbakken i snart to år, blir svært overraska om Solbakken aldri får jobben som landslagssjef.
– Han er ein attraktiv trenar og har erfaring frå internasjonal fotball i store klubbar. Eg ser på det som heilt naturleg at han får den jobben, seier 31-åringen.
TV2s fotballekspert Jahn Ivar «Mini» Jakobsen meiner Solbakken bør erstatte Høgmo dersom Norge ikkje tar seg til EM.
– Det hadde vore ein spennende fyr for det norske landslaget. Vi treng nokon med karisma som går inn og gir det norske folk trua. Eg har ikkje noko fasitsvar, men Ole Gunnar Solskjær eller Solbakken tror eg kunne vore riktige for denne jobben, sa Jakobsen til NRK tidligare i veka.
Høgli er ikkje einig med Jakobsen, og meiner Høgmo må fredast uansett utfall i EM-kvalifiseringa.
– Det er veldig mykje bra som skjer her no. Alle spelarar er fornøgde med det som skjer her. Han er absolutt rett mann for å fortsette for oss uansett kva som skjer, seier Høgli.
Solbakken: – Interessant
FC Københavns medieavdeling opplyser til NRK at Ståle Solbakken har mediefri, og ikkje kan uttale seg om Høglis spådom.
I 2013 sa Solbakken dette då VG spurte han om det kunne vere aktuelt å bli landslagssjef igjen:
– Ja, det er interessant, sa Solbakken til VG.
– Men eg ser at det kan vere problematisk, la han til.