NRK Meny
Normal

– Dei andre misunner oss så mange landslagsspelarar

Denne veka fekk Even Hovland plass i Per Mathias Høgmos landslagstropp. I dag blei han matchvinnar då Molde spolerte 16.-maifesten for Lillestrøm.

Hovland

Her avgjør Even Hovland mot Lillestrøm.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Alle som tettar igjen bak hos Molde er tatt ut i Høgmos tropp mot Frankrike og Russland i mai.

Fredag heldt Moldes defensive linje med landslagsspelarar nesten tett då serieleiaren tok sin sjette siger på sju kampar.

«Halve» landslaget såg susar i mål

Bare frisparksusaren frå Lunan Ruben Gabrielsen gjekk forbi landslagskeeper Ørjan Håskjold Nyland og forsvarsrekka Martin Linnes, Vegard Forren, Per Egil Flo og Even Hovland.

Dei to sistnemnde gjorde også jobben framover for Molde. Per Egil Flo var nest sist på ballen då Daniel Chima Chukwu sendte blåtrøyene i føringa.

Like før pause heada midstopparkjempa Hovland inn det avgjørande 2-1-målet, som sirka Moldes niande eliteseriesiger på Åråsen.

Skullerud: – Blir vanskelege å ta igjen

2-2-scoringa kom aldri for «Fugla». Dermed blei det ingen festkveld for Lillestrøm på heimebane.

Molde toppar tabellen med 22 poeng etter ni kampar.

– Held vi denne statistikken, blir vi vanskelige å ta igjen. Alle ser at det er fleire sterke lag. Ingen trur at vi skal seile gjennom dette, i alle fall ingen i Molde FK trur det, sa Molde-trenar Tor Ole Skullerud etter kampen.

Den tidlegare U21-landslagssjefen har leia Molde til 7-1-1 i sine første ni seriekamper.

– Blir det tekst-TV og tabelltitting etter 17.-maitoget?

– Nei, det vet eg ikkje om er så interessant. Vi har frykteleg mykje igjen å gjøre denne sesongen.

– Men du har halve landslaget på banen. Du forstår desse mekanismane om gullsnakk?

– Vi har spelt så bra at vi har fått så mange landslagsspillere. Det heng saman med at vi presterer bra. Eg skjønnar at dei andre misunner oss så mange landslagsspelarar, sa Skullerud.

VIDEO: Skullerud etter seieren mot Lillestrøm

Intervju med Tor Ole Skullerud, Magnus Haglund og Frode Kippe. Molde vant 2-1 over Lillestrøm.
Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel