Hovland nr 3 etter knallavslutning
Med seks slag under par på den siste runden ligg Viktor Hovland på tredjeplass i golfturneringa Valspar Championship i Palm Harbor i Florida. Han hadde den beste runden av alle på siste dag.
Det er første gongen sidan februar at nordmannen er inne på topp 10 i ei PGA-turnering. Det var han svært godt nøgd med.
– Dette var godt. Det var godt å få puttane til å sitje. I dag hadde eg flyten. Nærspelet var hakket kvassare enn det har vore i det siste. Det er ikkje berre å spele og forvente ei topp 10-plassering, sa Hovland til Eurosport då han var ferdig.
Hovland opna sterkt, som han også har gjort på dei tidlegare rundane. Etter fem hol hadde han fire birdiar.
Han spela sikkert og stødig vidare også, med birdiar på hol 8, 14 og 16. Dessverre blei det bogey på hol 17, då han missa ein putt på ein snau meter.
Totalt enda han på 13 slag under par.
Hovland starta med to under par begge dei to første dagane, og tre under par laurdag. Dermed gjekk han inn i siste runde sju slag under par.
Det dobla han nesten på avslutningsdagen.
Plasseringa er ikkje heilt sikker, fordi fleire av konkurrentane framleis ikkje var ferdige då Hovland var i mål.
Men om han endar på tredje til slutt, vil han få rundt 400.000 dollar, eller nærmare 3,3 millionar kroner, i premie, litt avhengig av om han har plasseringa åleine eller må dele den med andre.