Hovland med heng på teten
Med ein birdieputt frå fem meter på det siste holet gjekk Viktor Hovland tredje runde på 3 under par i turneringa i Palm Harbor i Florida, og står på 7 under par totalt.
Det gir ein 12.-plass så langt, men mange er enno ikkje ferdige med runden.
Hovland opna sterkt med tre birdiar på dei seks første hola. Så gjekk det litt treigare med bogey på hol 9.
Hol 15 gav birdie, hol 17 bogey, før den gode avslutninga.
Sam Burns leier med 16 under par så langt. Men Hovland er berre tre slag unna fjerdeplassen.
Kristoffer Ventura greidde ikkje kutten fredag og er ute. Turneringa blir avslutta søndag.