Hopp til innhold

Hovland avslutta med minus 2

Viktor Hovland gjekk siste runde av PGA-turneringa i Nashville tre slag under par, og enda på minus ni samanlagt.

Han fekk birdie på første hol, og fekk det også på hol 10, 11 og 15. Men bogeyar på hol 12 og det aller siste øydela ei god avslutning.

Han innleia turneringa med ein runde på minus 3 torsdag, var litt meir rufsete og enda på par fredag, og fekk ein ny fin runde på minus 3 i går.

Då han var ferdig, låg han på 22.-plass, men ikkje alle andre var ferdige med runden.

Viktor Hovland
Foto: ANDY LYONS / AFP

Siste nytt

  • Avaldsnes fredar Riise

    Dagleg leiar Norvald Audun Kaldheim i Avaldsnes seier at John Arne Riise får halde fram som trenar i klubben til neste sesong uavhengig om dei beheld plassen.

    – John Arne Riise skreiv toårskontrakt med oss i fjor og vil halde fram som trenar også neste sesong, seier Kaldheim til TV 2.

    Avaldsnes sikra søndag sin første siger i sluttspelet då dei vann 5-1 heime mot Tromsø 2020. Det sende dei opp på trygg plass, til så lenge.

    Karmøy-laget ligg på 5.-plass, likt med LSK Kvinner på poeng, etter fire kampar. I skrivande stund ligg dei an til å behalde plassen i Toppserien med eitt mål betre i målforskjell enn Lillestrøm.

    Toppserien fotball 2022: Avaldsnes - LSK Kvinner (0-2)
    Foto: Jan Kåre Ness / NTB
  • Haaland med 10 på eksklusiv børs

    Erling Braut Haalands målshow mot Manchester United gav han 10 på børsen hos franske L'Equipe. Det er det ikkje mange som kan skilte med.

    Manchester City-spissen skåra tre mål, det tredje strake hat-tricket på heimebane, og assisterte to mål i 6-3-sigeren.

    I den franske avisa L'Equipe er det ikkje kvardagskost å dele ut tiarar på børsen. Det har berre skjedd med 13 spelarar. Blant dei er Kylian Mbappé, Lionel Messi (to gonger) og Robert Lewandowski.

    Avisa beskriv Haaland som «meir og meir komplett» i omtala si.

    Haaland står med 14 mål i Premier League og tre i Champions League. Onsdag ventar FC København på heimebane i Meisterligaen.

    Erling Braut Haaland viser frem tre fingre etter hat tricket mot Manchester United.
    Foto: PHIL NOBLE / Reuters
  • Alonso med formel 1- rekord

    Fernando Alonso vart i Formel 1-løpet i Singapore søndag føraren med flest startar i sportens historie. Han starta i sitt løp nummer 350.

    Spanjolen tok over Kimi Räikkönens elleville rekord på 349.

    – Rekord. Igjen. Gratulerer med ein utruleg prestasjon, skreiv Alonsos Formel 1-lag, Alpine, på Twitter.

    Alonso debuterte i Formel 1-sirkuset heilt tilbake i 2001.41-åringen har vorte verdsmeister to gonger (2005 og 2006) og har representert lag som Minardi, Renault, Ferrari, McLaren og Alpine.

    Spanjolen fylte 41 år 29. juli, men meiner han ikkje har teke noko skade av tida som har gått.

    Neste sesong overtek spanjolen Sebastian Vettels sete i Aston Martin. Laget har ikkje oppgitt kor lenge Alonsos kontrakt varer.

    Fernando Alonso
    Foto: ROSLAN RAHMAN / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Spilleliste med 64 klipp
Sport
Spiller nå
Kjønn og religion er ingen hindring 00:45
Neste