Horribel åpningsperiode ødela

Mats Zuccarellos Minnesota Wild lå under 0-4 etter 19 minutter mot San Jose Sharks. Wild tapte til slutt 5-6. Zuccarello og co. har åpnet sesongen elendig. Etter torsdagens tap er de nest sist i NHLs vestre avdeling med elleve poeng etter 16 kamper.

Mats Zuccarello
Foto: Harry How / AFP

Siste nytt

  • UAE-ryttar utestengd for doping

    Syklisten Kristijan Durasek er utestengd i fire år for medverknad i ein tysk-austerriksk dopingring, melder det internasjonale sykkelforbundet UCI.

    Durasek blei mellombels suspendert tidlegare i år, og trekte seg frå rittet Tour of California. Onsdag kom den endelege dommen.

    Avsløringa er eit resultat av politiaksjonen Operation Aderlass, som blei innleia under ski-VM i Seefeld i Austerrike i vinter, skriv cyclingweekly.com.

    Den kroatiske 32-åringen er lagkamerat med Alexander Kristoff i UAE-laget. Hans største triumf var sigeren i Tour of Turkey i 2017.

    Tidlegare er ryttaren Kristijan Koren og sportsdirektør Borut Bozic, begge frå laget Bahrai-Merida, utestengde i to år som følgje av Operation Aderlass.

    Kristijan Durasek
    Foto: Jean-christophe Bott / AP
  • Stadfesta: Zlatan ferdig i Galaxy

    Zlatan Ibrahimovic (38) stadfestar at han er ferdig i LA Galaxy. Det melder også klubben onsdag kveld.

    – Eg kom, eg såg og eg erobra, skriv svensken på instagram. Før han kjem med eit stikk til fansen og ligaen:

    – De ville ha Zlatan, eg gav dykk Zlatan. Eventyret held fram. No kan de gå tilbake og sjå på baseball.

    Zlatan scora 52 mål og starta 53 kampar i to sesongar for Galaxy.

    Det er ikkje stadfesta kvar vegen går vidare for Zlatan.

    Laster Twitter-innhold
  • Nektar å spele landskampar

    Chilenske landslagsspelarar nektar å spele privatkampane mot Bolivia og Peru, melder fotballforbundet i landet.

    Årsaka er uroa og den politiske krisa i Chile. Spelarane tok avgjerda onsdag.

    – Det er ei vanskeleg tid for landet vårt. Av respekt for det som skjer, er det rett at vi ikkje spelar denne kampen, seier Bayer Leverkusen-spelar Charles Aránguiz.

    Chile skulle ha møtt Bolivia denne veka og Peru den neste. Kampen mot Peru skulle vore revansjeoppgjer etter at Peru vann semifinalen i Copa America i sommar.

    Det har vore uro og demonstrasjonar i Chile dei siste fire vekene, og fleire av spelarane har uttrykt støtte til misnøya mot presidenten.

    Chiles fotballandslag
    Foto: Raul Arboleda / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal