Hoppa ned frå tre meter høg bru på skattejakt – no må VM-vinnaren operere

Ein mobilapp kan ha skapt knetrøbbel for Vetle Sjåstad Christiansen, som tar grep for å bli kvitt smerter under konkurranse.

Vetle Sjåstad Christiansen

UHELDIG SKATTEJEGER: Vetle Sjåstad Christiansen slapp seg ned frå ei bru som dette på Lillehammer skistadion. No meiner han at fallet har ført til kneproblem og operasjon.

Foto: NRK/NTB SCANPIX

– Skaden er i kategorien sjukt unødig og absurd, seier Vetle Sjåstad Christiansen lattermildt.

Ankermannen som tok VM-gull i stafett i vinter har lenge slitt med smerter i venstre kne under trening og konkurranse.

Vetle Sjåstad Christiansen meiner han fekk problemet etter å ha brukt appen Geocaching, som handlar om å finne «skattar» folk har lagt ut over heile verda.

– Då vi undersøkte kneet konkluderte legane at skaden måtte komme frå eit fall. Eg kom berre på det fallet eg hadde for fem år sidan. Då slapp eg meg ned frå ei tre meter høg bru på Lillehammer, landa på strake bein og datt rett på rumpa, seier 27-åringen.

Geocaching

POPULÆR AKTIVITET: Geocaching er ein populær aktivitet over heile verda. Her legg ein dykkar ut ein geocaching-post under vatn i Lake Denton, Florida.

Foto: Wilfredo Lee / Ap

– Frykteleg vondt

I 2014 var skiskyttaren plaga av eit virus, som slo han ut i to år. I den perioden måtte Sjåstad Christiansen trene alternativt.

Derfor tok han i bruk appen Geocaching og gjekk lange turar der han leita etter skattar på eit mobilkart.

– På appen stod det at ein trengde klatreutstyr for å finne posten med skatten, men det hadde ikkje eg. Eg klatra under brua, men orka ikkje å klatre tilbake. Eg måtte berre sleppe meg ned på asfalten. Det gjorde frykteleg vondt der og då, seier Sjåstad Christiansen.

– Kva var skatten?

– Ein filmrull. Appen fungerer jo slik at ein må legge ein ting tilbake. For eksempel ein figurmann frå eit kinderegg. Meg eg hadde så vondt at eg ikkje la noko tilbake.

– Det er absolutt ikkje nokon premiar å hige etter, men eg trengde å gjere noko som likna på toppidrett i den perioden.

Kodachromes Last Roll

FILMRULL: Det var ein filmrull som denne Vetle Sjåstad Christiansen jakta og fann på Lillehammer.

Foto: David Duprey / Ap

Smerter under konkurranse: – Som eit gnagsår i kneet

Etter den tunge sjukdomsperioden har Sjåstad Christiansen kjempa seg til toppen i skiskyting, med triumf i både verdscup og stafettgull VM førre sesong.

Men heile vegen har han slitt med smerter i kneet.

– Det er som å ha eit gnagsår under knehasen. Eit innvendig gnagsår som er ganske ubehageleg når ein skal skøyte. Eg har kjent det spesielt på lengre distansar og i tøffe konkurranseperiodar, seier han.

Vetle Sjåstad Christiansen

SKØYTESMERTER: Vetle Sjåstad Christiansen har kjent smerter i venstre kne under skøyting på trening og i konkurranse.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Ingen garanti

På operasjonsbordet skal han «barbere vekk» hol i korsbandet.

– Eg har små hol i korsbandet som det samlar seg vatn i. Då kjem den gnaginga.

– Blir du kvitt problemet etter operasjonen?

– Det tør dei ikkje å seie, men mest sannsynleg vil det ordne seg.

Christiansen angrar likevel ikkje på den overivrige skattejakta i 2014.

– Eg levde livet der og då, så det var på ein måte verd det. Det var moro å leite etter sånne postar, seier Christiansen.

Geocaching

GEOCACHING: Geocaching er ein slags form for moderne orientering. Her frå eit stemne i Oslo, der skattar blir registrert og lagt ut i naturen.

Foto: Marianne Løvland / NTB scanpix

Siste nytt

  • Ruud møter Laaksonen i Miami Open

    Sveitseren Henri Laaksonen blir motstanderen til tennisspiller Casper Ruud i annen runde av ATP 1000-turneringen Miami Open.

    Laaksonen slo franske Benoît Paire med 7-6, 1-6 og 6-4 i sin førsterunde kamp onsdag.

    Kampen mot den 29 år gamle sveitseren, som også har finsk pass, spilles trolig fredag.

    Casper Ruud er ranket som nummer seks i ATP 1000-turneringen i Miami. (NTB)

    Indian Wells Tennis
    Foto: Mark J. Terrill / AP
  • Storhamar knuste Vålerenga – klar for NM-semifinale

    Storhamar er klar for semifinalen i ishockey-NM etter 5-1 over Vålerenga.

    Simen André Edvartsen (2), Sander Engebråten, Jakob Lundell Noer og Eirik Salsten scoret for vertene i et «mætt fjøs» i Hamar OL-amfi med 6534 frammøtte. Sebastian Johansen satte gjestenes trøstemål.

    – Vi har slitt i hele år, men det å møte Vålerenga ser ut til å ha vekket noe ekstra i oss, sier Storhamar-profil Patrick Thoresen til TV 2.

    – Å slå Vålerenga er alltid gøy. Interessen rundt disse kampene har vært kjempestor. Det er første gang jeg er med på et sluttspill mot Vålerenga. Vi får ta det som kommer i semifinalen, sier Thoresen videre.

    Fjordkraftligaen ishockey 2021/22: Storhamar - Vålerenga
    Foto: Javad Parsa / NTB
  • Vipers ble seriemester etter Storhamar-tap

    Camilla Herrem og Sola slo Storhamar 30-27 i eliteserien i håndball onsdag. Det gjør Vipers til seriemestere.

    Kristiansand-klubben kan dermed ikke bli tatt igjen av Storhamar med 38 poeng. Sørlendingene har åtte poeng ned til Storhamar med tre kamper igjen å spille.

    Camilla Herrem scoret tolv mål for Sola i kampen som sto 18-18 ved pause. Storhamar reduserte til 26-27 fire og et halvt minutt før slutt, men nærmere kom aldri hjemmelaget.

    – Jeg trodde aldri jeg skulle vinne i denne hallen. Jeg synes Storhamar spiller så bra på hjemmebane, men i dag klaffer ting. Vi har bra kontroll på systemene deres og vet hva de kommer med, sa Camilla Herrem til TV 2.

    Storhamar kunne sikret seg 2.-plassen i serien, men har både Molde og Sola bak seg som kan ta dem igjen. (NTB)

    (Vipers – Györ 30–29) DELO EHF CHAMPIONS LEAGUE Vipers Kristiansand og Györi Audio ETO KC
    Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Spilleliste med 23 klipp
Sport
Spiller nå
Almaas hjelper deg: Hva skal man ha i smørekofferten? 01:47
Neste
Kjeld Nuis prøver seg på «umulig» rekord 00:49
Christiansen oppsummerer sesongen i diktformat 00:59
Hvorfor snakker «alle» om Formel 1? 02:02