– Eg er overraska over kor godt Sondre restituerer seg, seier IAM-sportsdirektør Rik Verbrugghe.
På ein kort, men hard fjelletappe frå Bourg-en-Bresse til Culoz søndag var det først og fremst lagkameraten Jarlinson Pantano som imponerte med IAMs første etappesiger i årets Tour de France.
Men også feltets yngste rytter, Holst Enger, som kom til mål vel og lenge etter Pantano, får lagleiinga til å applaudere:
– Neste gang er det din tur til å vinne!, ropte støtteapparatet då Holst Enger kom til mål som nummer 180 etter ein glovarm dag på sykkelsetet.
– Det er sjølvsagt tungt, men det går greit. Eg har friske bein, seier Holst Enger til NRK etter etappen.
Thors råd
Tour-debutanten veit enno ikkje om han overlever heile vegen til Paris, men sportsdirektøren blir stadig meir optimistisk på vegne av Holst Enger.
– Han har ein veldig sterk kropp. Å sykle alle etappane i Tour de France er aldri lett. Her er det hardt kvar dag. I går var det ganske lett, men dei sykla i seks timar før dei kom til mål. Alt i alt er det ikkje så lett som ein skulle tru, seier Verbrugghe.
Men snart blir det langt verre. Etter kviledagen i Paris kjem tre klatreetappar og ein knallhard klatreetempo.
Råd til å takle det har han fått frå mellom andre Thor Hushovd, som sjølv aldri fullførte sin første Tour de France på grunn av kneskade i 2001.
– Sondre kan vere litt ukonsentrert og «over alle haugar». Det viktigste rådet eg ga han var å legge seg ned på sofaen, legge seg ned på senga for å slappe av og sove så ofte han kan, seier Hushovd.
– Får du 20 minutt meir på senga kvar dag i tillegg til å legge deg tidleg har du nesten eit døgn ekstra med søvn til slutt. Det er mentaliteten eg hadde i alle år, og som gjorde at eg klarte å fullføre Tour de France med overskot, seier Hushovd.
Holst Enger: – Får igjen for dette
Hushovd meiner Holst Enger viser seg som eit sterkare kort for nye lag om han fullfører Tour de France.
– Thor snakkar av erfaring, og eg har sjølvsagt tatt til meg råda hans. Det får eg igjen for no, seier 22-åringen, som også fortel at han enno ikkje har bestemt seg for kva lag han skal køyre for neste sesong.