NRK Meny
Normal

Holst Enger: – Køyrer Tour de France når eg veit eg kan vinne

Sondre Holst Enger vann spurten i hovudfeltet, men måtte sjå seg slått av to utbrytarar i tredje etappe av Tour of Norway. Derfor hang han litt med hovudet etter målgang.

Sondre Holst Enger

SURT: Sondre Holst Enger leverte ein god etappe, men måtte likevel sjå seg slått i mål på Geilo

Foto: Teigen, Trond Reidar / NTB scanpix

– Bittert?

– Ja, det er det. Eg ville gjerne hatt ein siger, seier Enger. – Men eg har bevist at formen er der den skal vere. Då er det gøy å sykle ritt.

Men Tour de France vil han ikkje vere med på. Enno.

– Eg har lyst å byggje meg opp litt til før det. Eg har lyst å køyre Tour de France når eg veit at eg kan vinne, seier han.

Landslagstrenar Stig Kristiansen trur ikkje han har sett Enger betre nokon gong.

– Nei, eg trur ikkje det. Han er mange steg over det han har gjort tidlegare. Å sjå han i bakkane, varmar. Han er unik, seier trenaren.

Dansk siger

Danske Mads Pedersen var sterkast på den 168 km lange etappen i Tour of Norway mellom Rjukan og Geilo – rittets første fjelletappe, som vart ei våt affære.

20-åringen var i brot heile etappen, og ein trudde lenge at hovudfeltet ville ta igjen utbrytarane.

Det skjedde ikkje, og då det nærma seg målgang, var det berre spanske Lluis Guillermo Mas Bonet og Pedersen igjen.

– Det var synd at vi ikkje tok att utbrytarane, sa ein noko skuffa Sondre Holst Enger til NRK. Han vann spurten i hovudfeltet, men vart likevel berre nummer tre, godt bak dei to andre.

– Vi prøvde på slutten, men det var for dårleg planlagt.

Spanjolen spurta først, og Caja Rural-ryttaren så ut til å sikre seg etappesigeren, men Pedersen gjekk ned i kjellaren.

Stolting-ryttaren kom seg opp på hjulet til Mas Bonet igjen og vann spurten.

Pieter Weening leier framleis samanlagt.

Siste nytt

  • Ny remis for Carlsen

    For andre dag på rad tok sjakkspelar Magnus Carlsen eit halvt poeng med svarte brikker i Sinquefield Cup. Partiet mot Vishy Anand enda i remis. Carlsen hadde tidleg eit lite overtak, men etter kvart jamna partiet seg ut.

    Magnus Carlsen
    Foto: Patrick Huerlimann / AP
  • PSV på vei, Benfica sliter

    To tidligere serievinnercupvinnere skaffet seg vidt forskjellig utgangspunkt i mesterliga-kvaliken tirsdag kveld.

    PSV vant 3-2 borte mot BATE Borisov etter scoringer av Gastón Pereiro, Hirving Lozano og Donyell Malen, mens Benfica bare klarte 1-1 hjemme mot greske PAOK.

    Salzburg, uten skadde Fredrik Gulbrandsen (lår), spilte 0-0 borte mot Røde Stjerne i Beograd

    Lozano
    Foto: Sergei Grits / AP
  • Poengtap for Mjøndalen

    Opprykksjagende Mjøndalen måtte nøye seg med 1-1 hjemme mot Åsane i 1. divisjon fotball tirsdag. Dermed klarte ikke serietreeren å ta tilbake annenplassen på tabellen.

    Mjøndalen kjemper for opprykk til Eliteserien. Søndag ble Vegard Hansens gutter passert av Viking.

    NM fotball menn, 4. runde: Mjøndalen - Haugesund
    Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal