– Ja, det stemmer. Vi har justert reglane no, og verken Håvard Klemetsen eller andre skal oppleve dette igjen, seier Lasse Ottesen til NRK.no. Han er renndirektør for kombinert i det internasjonale skiforbundet (FIS).
– Dette er eg nøgd med. Når FIS høyrer på kva trenarar og utøvarar seier og tar det til etterretning, har vi kome eit stykke vidare, seier Klemetsen i dag.
.
Rosar FIS
No rosar han FIS for at dei har teke dette problemet alvorleg.
– Eg har vore med på fleire møte og samtaler med FIS-leiinga etter denne episoden, og dei har vore ryddige. Derfor er det også godt at dette har munna ut i denne regelendringa.
– No har vi eit regelverk som begynner å nærme seg det fullkomne, seier Klemetsen til NRK.no.
For no får også kombinerthopparane høve til å justere farten i løpet av ein hoppomgang – akkurat slik spesialhopparane har. Også det er Klemetsen glad for.
– Det er iallfall inga ulempe for oss som har vår største styrke i bakken, seier han.
Misforståingar
Håvard Klemetsen meinte då, og meiner det framleis, at reglane hittil har vore uklare, og at dei derfor har gitt rom for tolkningar og misforståingar.
Det var det som var årsaka til fadesen i Seefeld.
– Eg var blant dei ti beste i verdscupen, og trudde dermed at eg skulle sleppe å delta i prøveomgangen, sa ein arg Håvard Klemetsen til NRK den gongen. Verdas beste kombinerthoppar ville ikkje overbelaste knea med fleire hopp enn nødvendig.
Men reglane kravde at han skulle ha deltatt. For kvalifiseringa i kombinert er nemleg reservekonkurranse, og blir rekna som teljande hoppomgang dersom den ordinære omgangen må avlysast på grunn av veret.
Har fjerna regelen
I Seefeld kunne hopprennet gjennomførast som planlagt, men det hjelpte ikkje. Klemetsen hadde ikkje hoppa i kvalifiseringa, derfor fekk han heller ikkje starte i rennet. Slik tolka iallfall FIS reglane.
– Dette er kjipt. Det er som å seie til oss at om du vil gjere det godt i kombinert, bør du gje f*** i hopp og satse på langrenn, sa Klemetsen den januardagen.
Han sa også til FIS-leiinga i velvalde ord kva han meinte om denne regelen.
No har FIS gått bort frå kravet om at dei førehandskvalifiserte må delta i kvalfiseringsomgangen. Det skal ikkje lenger vere noko krav.
– Men eg må minne om at det framleis er den enkelte utøvaren si plikt å forholde seg til reglane og kjenne konsekvensen. Står ein kvalifisert løpar over kvalifiseringa og hopprennet i konkurransen blir avlyst, får ikkje løparen noko resultat, og kan dermed ikkje starte i langrennet, seier Ottesen.