NRK Meny
Normal

Høgmo tar ikkje sjølvkritikk: – Eg står for det eg gjorde

Landslagssjef Per-Mathias Høgmo angrar ikkje på det kritikarane meinte var taktiske blemmer då EM-plassen glapp mot Ungarn.

Høgmo

MISLUKKAST I Å NÅ EM: Landslagssjef Per-Mathias Høgmo.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

I etterkant av den avgjerande playoffen, som blei rekna som tidenes sjanse for å nå eit EM-sluttspel, fekk Høgmo kritikk for fleire taktiske vurderingar. Mellom anna for å ha brukt Markus Henriksen ute av posisjon på topp, og for å ha vraka formspelar Marcus Pedersen.

Nå, 80 dager etter at Norge tapte, gjør landslagssjefen sitt første intervju. Men sjølv om han har vore gjennom ei omfattande EM-evaluering, tar han ikkje sjølvkritikk for vala i Budapest.

NRK spør landslagsjefen om han ville gjort noko annleis gjentatte gonger, og når vi til slutt ber om eit «ja» eller «nei», svarer han:

– Vi tok beslutninga der og då, og vi står fortsatt for det vi gjorde. Alt anna blir hypotetisk.

– Sjukdom og skader hindra optimalt laguttak

Fleire spelarar uttalte at dei stussa over laguttaket. Midtstoppar Vegard Forren sa mellom anna til Romsdals Budstikke at alle spelarane blei overraska over Høgmos laguttak.

Intervju med landslagssjef Per-Mathias Høgmo. Reporter: Sindre Murtnes, foto: Odd Iversen.

– Det var ein del sjukdom og skader, og også andre spelerar i form, som gjorde at vi i løpet av dei to døgna før kamp gjorde ein del vurderingar på ein plan A og ein plan B, seier Høgmo.

– Men vi landa igjen på det laget vi trudde på. I tillegg hadde vi ein plan B, som vi sette inn då vi følte at ting låste seg, seier Høgmo.

– Spelarane, mellom andre Forren, har sagt at det var merkeleg laguttak. Marcus Pedersen har sagt at han ikkje forstod spissvalet. Kva tenker du om skepsisen som har komme fram frå spelarar?

– Det vil alltid vere slik at det i etterkant kan diskuterast små nyansar. Vi landa på det og trudde at det var riktig medisin. Vi skaper åtte sjansar i den kampen, men er ikkje gode nok, seier Høgmo.

– Men forstår du «taktikk-stormen» som kjem i etterkant?

– Ja, det gjør eg. Vi skaper ein enorm entusiasme. Vi skaper stor tru på at vi skal klare nå EM. Når vi då ikkje lukkast er det heilt naturleg at det blir debatt, seier Høgmo.

Høgmo om eigen innsats: «Godkjent»

Både Høgmo og toppfotballsjef Nils Johan Semb leverte ein rapport til styret i Norges Fotballforbund etter kvalik-nedturen.

– Hovudkonklusjonen er at vi leverer ein godkjent kvalik. Vi er med og kjempar om gruppesiger til siste minutt. Vi hamnar på ein tredjeplass som gir oss playoff. Der skuffar vi fordi vi ikkje klarer å oppnå dei resultata vi ønskar, seier Høgmo.

Høgmo fortel at det han ikkje har fått nokon form for kritikk av forbundsstyret etter kvalifiseringa.

Forren

OVERRASKA: Vegard Forren (midten). Her saman med Even Hovland og Alexander Tettey.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Trur Norge kan ta seg til VM

– Då du tok over var EM utpeikt som eit soleklart mål. Er det eit krav at Norge skal til VM i Russland?

– Det er alltid eit mål om å komme til meisterskap. Vi var 17 minutt unna å vinne EM-gruppa.

– I VM-kvalfiseringa møter vi Tyskland, som er soleklar favoritt. Tsjekkia og Nord-Irland er på papiret noko svakare enn Kroatia. Det gjør at målsettinga bør vere å hamne innanfor dei to beste, seier Høgmo.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
EM feltritt: Dressurridning
Toppserien: LSK Kvinner - Avaldsnes
Toppserien: LSK - Avaldsnes
Toppidrettsveka: Sprint
Toppidrettsveka: Sprint i Aure
Toppidrettsveka: Sprint