Høgmo om fotballpresidentens utspel: – Han gjer jobben sin

Per-Mathias Høgmo svara i dag på utspela til fotballpresident Terje Svendsen, som sådde tvil om framtida til landslagstrenaren etter 0-1-tapet mot Aserbajdsjan i går.

høgmo

SKUFFA: 0-1-tapet for Aserbajdsjan laurdag var skuffande for det norske landslaget.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Kritikken hagla frå fleire hold etter 0-1-tapet mot Aserbajdsan laurdag kveld. Etter å ha tapt 0-3 heime på Ullevål mot Tyskland, står Norge med null poeng i gruppe C av VM-kvalifiseringen.

Dagen derpå kalla landslagstrenar Per-Mathias Høgmo inn til pressekonferanse for å svare på kritikken.

– Han gjer jobben sin

Og landslagssjefen var tilsynelatande glad for at fotballpresidenten var kritisk til dei dårlege resultata.

– Han gjer jobben sin som president. Eg har vore landslagssjef i tre år. Eg har blitt evaluert heile vegen, og det tilhøyrer denne rolla.

Samstundes gjentok han beskjeden frå gårsdagens pressekonferanse, og vil konsentrere seg om å forberede troppen til kamp.

– Eg kan ikkje starte evaluering her og no, og det er ikkje min jobb. Min jobb er å forberede laget best mogleg til kamp.

Då han fekk spørsmål om alle ekspertkommentatorar som har krevd hans avgang svarte han kontant:

– Eg kan ikkje forholde meg til alt det.

Pressekonferanse med Per-Mathias Høgmo.

Usikker fotballpresident

Etter nederlaget mot Aserbajdsjan samla fotballpresident Terje Svendsen pressa på flyplassen i Baku. Der kunne han ikkje garantere at Høgmo var mannen som leia det norske landslaget i kampen mot Tsjekkia i november.

Fotballpresident Terje Svendsen

INGEN GARANTI: Fotballpresident Terje Svendsen ville ikkje garantere for framtida til Per-Mathias Høgmo etter kampen mot Aserbajdsjan.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Først og fremst er eg skuffa. Men sidan dette er ein dobbel landskamp, so vil det å gjere opp ein status i kveld vere feil. Så får me gjere opp status etter San Marino-kampen.

Men Høgmo avviste alle spørsmål om hans framtid på pressekonferansen etter kampen. Då han blei spurd om han leia kampen mot Tsjekkia 11. november svara han:

  • Les også: Eksperter totalt uenige om Høgmos taktikk

– Det er ikkje tida for slike spørsmål, men ja, det gjer eg.

Står samla bak trenaren

Landslagsspelarane var i dag krystallklare på at dei står bak Høgmo som trenar.

– Eg har full tillit til Per-Mathias. Me har ikkje fått resultata, men det er ikkje Per si skuld. Akkurat no har Per full tillit i gruppa her, seier Jo-Inge Berget.

Han presiserer likevel at dei er mest opptekne av å spele bra fotball.

– Det er ikkje noko me spelarane kan tenke på. Me må berre fokusere på kampen om to dagar. Folk i høgare stillingar må tenke på det der.

Kan ha varsla avgangen

NRKs fotballekspertar meinar at uttalelsen frå fotballpresidenten i går kan vere eit varsel om at Høgmo ikkje er ein del av framtidsplanane til Norges Fotballforbund.

– Det ville vore merkeleg av fotballpresidenten å snakke sånn viss Høgmo skal fortsette. Då treng han støtte, og viss han ikkje får det tenkjer eg det er fordi han ikkje skal det, seier NRKs fotballekspert Lise Klaveness.

NRKs ekspertkommentator Karl-Petter Løken vurderar fotballpresidentens uttalelser myke på samme måte.

– Han kan sjølvsagt ikkje frede ein landslagstrenar som har åpna kvaliken såpass dårlig, seier Løken.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Frisk Asker til NM-semifinale

    Mats Frøshaug ble den store helten da Frisk Asker slo Lillehammer 2-1 i den sjuende og avgjørende kvartfinalekampen i NM-sluttspillet i ishockey tirsdag. Frisk Asker har fått Vålerenga som semifinalemotstander, mens Storhamar møter Stavanger.

    Lillehammer IK - Frisk Asker
    Foto: Stein Schinstad / NRK
  • Casper Ruud-kamp regnet bort

    Regnvær tvang arrangørene av tennisturneringen Miami Open til å utsette alle tirsdagens kamper. Dermed fikk Casper Ruud en ufrivillig fridag. Ruud skulle ha møtt russiske Jevgenij Donskoj i 2. kvalifiseringsrunde av ATP-turneringen tirsdag.

    Casper Ruud under Australian Open
    Foto: Toru Hanai / Reuters
  • PL-manager bøtelagt for munnbruk

    Everton-manager Marco Silva er ilagt en bot for sitt utbrudd mot dommerne etter 2-3-tapet for Newcastle i Premier League tidligere denne måneden. Silva må ut med 12.000 pund, tilsvarende rundt 135.000 kroner, som følge av episoden.

    Marco Silva
    Foto: Rui Vieira / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal