Høgmo etter nesten-ulykka: – Ja, eg er rett mann for Norge

ULLEVAAL STADION (NRK): Trass i ei svak oppvisning mot San Marino, rangert som nummer 201 på FIFA-rankingen, meinar Per-Mathias Høgmo at han er rett mann til å leie Norge inn i framtida.

Høgmo er sikker på at han leder laget mot Tsjekkia i november

Laster innhold, vennligst vent..

Det var ein pressa landslagssjef som leia Norge mot San Marino tysdag kveld. Per-Mathias Høgmo har vore i hardt vêr etter ein skuffande opning på VM-kvaliken denne hausten.

Heller ikkje kampen mot tabelljumbo San Marino vart noko festaftan for norsk fotball. Det såg lenge ut som det kunne bli poengdeling på Ullevaal, då San Marino skåra sitt første bortemål i ein VM-kvalik på 15 år.

Rett etter kampen var landslagssjefen ikkje i tvil, han er rett mann for jobben.

– Utilgiveleg

Men trass i at Høgmo er nøgd med resultatet, er han langt frå glad for at Norge slapp inn mål.

– Det er heilt utilgiveleg å gje bort eit mål.

– Eg var først og fremst irritert. Me kjem rett frå Aserbajdsjan der motstandarande skårar på ein sjanse, so skjer det same her i dag. Det skal ikkje skje, det er uverkeleg.

Norge redda inn eit greitt resultat etter 3 raske mål, og etter kampen var Høgmo heilt klar:

– Er du rett mann for å leie Norge vidare?

– Ja, det er eg.

Høgmo er sikker på at han leder laget mot Tsjekkia i november

Trygg på seg sjølv

Etter det pinlege tapet borte mot Aserbajdsjan blei det varsla at Høgmos framtid for Norge kom til å bli evaluert etter kampen mot San Marino, uavhengig av resultat. Det er ikkje Høgmo sjølv særleg bekymra for.

– Eg har blitt evaluert eit heilt trenarliv. Eg ser fram mot Tsjekkia, (neste kamp i VM-kvaliken 11. november, journ.anm) det er neste mål.

På spørsmål om kvifor han føler seg trygg på å fortsette svarar han det same.

– Fordi eg er rett mann.

– Fordi me har ein kvalik bak oss der me gjorde ein av de beste kvalikene som har vore sidan 2000. Me har fått ein litt treig start. No håpar og trur eg at me skal få spelarar tilbake slik at me kan velge på øvste hylle framover.

– Trur du fotballpresident Terje Svendsen meiner det same?

– Ja, det er eg sikker på.

Nøgd motstandar

San Marino-trenar Pierangelo Manzaroli kunne derimot vere nøgd etter kampen mot Norge.

– Det gjer mykje motivasjon å sjå at ein kan utfordre andre lag.

Den vesle nasjonen med knapt 35 000 innbyggjarar hadde derimot god trur på at dei kunne gjere det vanskeleg for Norge.

– Visste at me kunne skape trøbbel for norge viss me spelte rett, sa Manzaroli på pressekonferansen etter kampen.

Siste nytt

  • Njåtun med ti strake NM-gull

    Ida Njåtun var nok ein gong sterkast på 1500 meter i skøyte-NM. For ho tok gullet på distansen for tiande gong på rad. Ho klokka inn på 1.58,06 i Vikingskipet i Hamar. Det er meisterskapsrekord, ifølge NM-arrangøren Asker skøyteklubb.

    VM skøyter allround / sprint 2020 Hamar
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Ronaldo er koronafri

    Cristiano Ronaldo er ute av sjølvisolasjon etter å ha blitt testa negativt for korona, det opplyser Juventus. Den italienske storklubben skriv på sine nettsider at Ronaldo etter 19 dager er ute av karantene. Han fekk påvist koronasmitte under ein landslagssamling tidlegare i månaden.

    UEFA Nations League - League A - Group 3 - Sweden v Portugal
    Foto: Tt News Agency / Reuters
  • Kastrati får 4 kampars karantene

    Norges Fotballforbund har i dag kome fram til at Flamur Kastrati får 4 kampars karantene etter at han kalla Dag-Eilev Fagermo «jævla soper» i kampen mellom Vålerenga og Kristiansund på sundag. Det kjem fram i ei pressemelding forbundet har lagt ut. Kristiansund hadde allereie bestemt at han ikkje skulle delta på kamp eller trening så lenge saka var til behandling. Kastrati gjekk i etterkant ut og sa at han ikkje visste kva ordet betydde.

    Eliteserien fotball 2020, Kristiansund - Molde (2-2)
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal