Hoftun etter meisterliga-exit: – Den mest usympatiske gjengen eg har møtt

NIKOSIA/OSLO (NRK): Rosenborg-leiren var langt frå nøgd med oppførselen til Apoels spelarar og støtteapparat etter meisterliga-exiten, der dei kollapsa på overtid og tapte 3–0.

Christian Gytkjær

TØFFE TAK: Apoel-spelarane gjorde sitt for å frustrerer RBK-spelarane. Her er det Christian Gytkjær som får røff behandling i ein duell.

Foto: SAKIS SAVVIDES / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Gjennom alle mine år i fotballen har eg aldri vore borti ein meir usympatisk gjeng enn dei på den andre benken, seier RBKs assistenttrenar, Erik Hoftun til Viasat 4 etter kampen.

Men det var ikkje berre på benken det kokte mot slutten av kampen. Frå det 80. minutt og til dommaren sette punktum for kampen vart det delt ut seks gule kort. Eitt til Adam Larsen Kwarasey for å hale ut tida, eitt til Giannis Gianniotas for feiringa av 1–0 scoringa og dei fire siste for usportslege situasjonar.

– Det var overraskande kor fiendtlege dei var på benken. Vi er ikkje vane med det frå Norge. Det var mykje gestikulering og «skitslenging», seier RBK-trenar, Kåre Ingebrigtsen til NRK, utan å ville gå i detalj på kva som vart sagt.

Rosenborg sin sjanse for spel i Europa til hausten, ligg i at dei må ta seg gjennom kvalifiseringa til Europaligaen.

Dommarteamet miste kontrollen

Men det var ikkje berre Apoel-spelarane som var kyniske. Gjennom 90 minutt terga Rosenborg på seg heimefansen, då dei brukte lang tid på alle dødballar.

Men Apoel trekte det lengste strået til slutt, og tok seg vidare til siste kvalifiseringsrunde i meisterligaen.

hoftun

SKUFFA: Rosenborgs assistenttrenar, Erik Hoftun, var ein skuffa mann etter tapet mot Apoel.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

– Det er den største skuffelsen i min karriere, når vi er så nære, og så taper vi på den måten. Den måte dei oppfører seg på, seier kaptein Mike Jensen og trekker pusten.

– Det gjer det endå meir irriterande. Det var eit dommarteam som ikkje klarte å kontrollere det, dei hadde ikkje kontroll over situasjonen, fortsett Jensen.

Ein ting dommaren ikkje klarte å kontrollera var då ein Apoel-spelar sprang rett i ryggen på han godt inn i overtida. Spelaren gjekk rett i bakken og vart liggande. Først då medisinsk personell kom med båra, spratt han på beina att.

– Stort sett heile andre omgangen var det tåpelege situasjonar frå Apoel-spelarane, seier Hoftun til Viasat 4.

Også på Twitter skapte dette reaksjonar.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Siste nytt

  • Andre strake NM-gull for Riiber

    Jarl Magnus Riiber tok helgens andre NM-seier da han også vant 10-kilometeren i kombinert på Beitostølen. Riiber vant også lørdagens 5-kilometer. Jørgen Graabak tok sølvet, mens Magnus Krog kapret bronsen - over 50 sekunder bak Riiber.

    Nasjonal åpning langrenn på Beitostølen.
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
  • Christensen med superdebut

    Med startnummer 64. klarte den norske slalåmkjøreren Simen Ramberg Christensen å kjøre inn til en råsterk 21. plass i sin verdenscupdebut. Nordmannen som vant NM foran barndomskompis Henrik Kristoffersen i år, endte bare 1.64 sekund bak Marcel Hirscher. Dermed er nordmannen klar for finaleomgang sammen med Kristoffersen og Leif Kristian Nestvold Haugen.

  • Røthe vant etter super-avslutning

    Sjur Røthe vant dagens 15 kilometer på Beitostølen. Vossingen åpnet fornuftig og økte gradvis farten. Da klarte verken dagens andremann, Simen Hegstad Krüger, eller dagens tredjemann, Martin Johnsrud Sundby, å holde tritt.

    Røthe
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
NM kombinert: 10 km langrenn menn
NM kombinert: 10km
Vinterstudio
Sesongstart langrenn: 10 km fri teknikk, kvinner
Sesongåpning langrenn: 10km fri teknikk, kvinner
Sesongstart langrenn: 10 km fri teknikk, kvinner
V-cup alpint: Slalåm 2. omgang, menn
V-cup alpint: Slalåm 2. omgang, menn
V-cup alpint: Slalåm 2. omgang, menn
V-cup alpint: Slalåm 2. omgang, menn
Vinterstudio