– Eg ga alt, men når eg ikkje finn flyten blir det raskt stor avstand, seier Hoff etter løpet.
31-åringen, som har svært lite fartstid i singelsculler, fekk også vanskelege forhold i semifinalen.
– Når det blir sånne forhold skin det gjennom at eg manglar treningstimar i singelsculler, seier Hoff, som måtte konkurrere i singelsculler fordi han blei vraka i kampen om å køyre dobbeltsculler i OL.
Fortapt
VM-vinnaren i dobbeltsculler frå 2014 såg ut som han ga opp å kjempe lenge før han var halvvegs.
Allereie etter 1000 meter roing var han 10,50(!) sekunder bak.
Etter 1500 meter hadde avstanden opp til førstemann auka til 23,2 sekunder.
– Eg kom så langt bak at eg fekk TV-båten ved sida av meg, og måtte ro i bølgene frå TV-båten. Det er liksom skammens bølger. Hamnar du der er du fortapt, seier Hoff.
Klar for b-finale
Ikkje overraskande enda Hoff soleklart sist i singelsculkler-heatet. I mål var han over 40 sekunder bak vinnar Ondrej Synek frå Tsjekkia.
Nordmannen får likevel ro ein konkurranse til før han må heim frå Brasil: Laurdag er det b-finale, der 31-råingen stiller til start.
– Eg fekk ikkje medalje denne gangen, men det er ei stor ære å få vere med i OL, seier Hoff.
Tufte-rival er storfavoritt i singel-finale
Damir Martin frå Kroatia og Angel Fournier Rodriguez frå Cuba blei nummer to og tre i Hoffs semifinale.
Mahe Drysdale frå New Zealand var suverent best i den andre semifinalen. Olaf Tuftes rival i ei årrekke er stor favoritt til å vinne OL-gullet i singelsculler.