Hopp til innhold

Hodgson opna pressekonferanse: – Anar ikkje kvifor eg er her

Det var ein tydeleg oppgitt Roy Hodgson som stilte på pressekonferanse med FA dagen etter sensasjonstapet mot Island.

SOCCER-EURO-ENG-ICE/

TRIST SORTI: Det var ein skuffa Roy Hodgson som forlot stadion etter 2-1 tapet mot Island i går.

Foto: Yves Herman / Reuters

– For å vere heilt ærleg anar eg ikkje kvifor eg er her. Eg er ikkje lenger England-manager, men reknar med at det er for å ta i mot meir kritikk etter kampen i går.

Slik opna tidlegare England-manager pressekonferansen i regi av FA i ettermiddag. Etter at Island slo England 2-1, og sende dei på hovudet ut av EM, har den engelske pressa latt både Hodgson og spelarane gjennomgå.

– Eg prøver fortsatt å komme meg etter tapet. Det var ikkje ei god natt. Eg er sårbar i dag.

Hodgson varsla allereie på pressekonferansen etter kampen at han ville gå av, og var tydeleg misfornøgd med å måtte stille opp på nok eit pressemøte i dag.

Sjå heile pressekonferansa nederst i saka.

– Alt eg seier gir bensin på bålet

Hodgson utdjupa etter kvart kvifor han var skeptisk til å stille på dagens pressekonferanse.

SOCCER-EURO-ENG-ICE/

MASSIVT PRESS: Etter Island-tapet har Hodgson og det engelske landslaget måtte tole mykje krtikk

Foto: Lee Smith / Reuters

– Alt eg seier vil gje bensin på bålet, men eg kjem hit for å ønske min arvtakar lykke til.

Hodgson avkrefta at det var nokon som tvinga han til å stille i dag.

– Eg kom hit av eigen vilje, ingen tvinga meg til å vere her. Eg stilte opp fordi de skal vite at eg aldri spring vekk frå nokon, og ikkje er redd for å vere her.

Trass i det massive medietrøkket etter tapet i går, ville Hodgson takke den engelske pressa for behandlingen gjennom dei fire åra som England-manager

– De er ikkje alltid dei greiaste å ha med å gjere, men de har alltid vore rettferdige med meg.

Leitar etter arvtakar

Med seg på pressekonferansen hadde han Martin Glenn, CEO i FA. Han kunne bekrefte at dei allereie leita etter ny manager, under 24 timar etter EM-exiten.

– Me ser etter den beste personen for jobben. Eg kjem ikkje til å nemne namn i dag, men kan sei at jakta allereie er starta.

Han meiner at det viktigaste no er å gjenreise England som fotballstorheit.

– England er som ein krøpling akkurat no, og me må finne ut kvifor. Me må finne ei ny leiing som kan hjelpe oss opp igjen.

Avtroppende Roy Hodgson møtte pressen dagen etter den sjokkerende EM-exiten mot Island.

VIDEO: Pressekonferansen med Hodgson.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal