– Vi skal vere med der oppe

Hødd og matchvinnar Steffen Moltu kjempa til seg tre poeng og klatrar til 4. plass på tabellen i 1. divisjon.

Steffen Moltu

Steffen Moltu sende Hødd i leiinga etter 50 minutt. Det gav tre poeng mot Mjøndalen.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Steffen Moltu sitt mål etter 50 minutt vart det einaste i kampen mellom Hødd og Mjøndalen på Høddvoll.

– Det var eit viktig mål. Vi vinn på det. Men det var berre å hive ut ein fot og håpe at det gjekk vegen. Og så trur eg keeperen fomla litt også, seier ein jordnær matchvinnar til NRK.

Hardt mot slutten

Det vart ein hard kamp å halde på alle tre poenga kampen ut for Hødd.

Joachim Magnussen fekk raudt kort to minutt før fulltid, etter å ha fått sitt andre gule for kampen. Og Hødd måtte dermed spele dei siste minutta med ti mann. Moltu meiner kortet kan diskuterast.

– Men vi står imot og vinn dei viktige duellane. Det vart veldig viktig, seier han.

På fjerdeplass

Med nok ein siger ligg Hødd godt plassert på fjerdeplass på 1. divisjonstabellen.

– Vi skal vere med der oppe. Vi har sagt det. Så må vi berre ta ein kamp om gangen, som vanleg. Men vi har sjølvsagt fokus på å ta desse poenga. Så skal vi ta ferie langt oppi der. Om ikkje øvst, så i alle fall nest øvst, seier han til NRK.

Neste kamp for regjerande Noregsmeister Hødd er i cupkamp mot Molde onsdag. Moltu gler seg til kampen.

– Det blir først og fremst ein artig kamp. Dett er bonuskampar. Kosekampar, vil eg påstå. Det blir tøft, sjølvsag, men vi kan også sleppe ned skuldrene og kose oss, seier Steffen Moltu til NRK.

Siste nytt

  • Håndballens superstjerne mister VM

    Ifølge avisen L'Equipe ser Nikola Karabatic ut til å miste håndball-VM i januar. Den franske storavisen mener å vite at Karabatic skal opereres i foten fredag og blir borte fra spill i fire måneder. Dette kan føre til at PSG-spilleren ikke kommer til å spille i mesterskapet i Danmark og Tyskland 10. til 27. januar.

    HANDBALL-GOLDEN-LEAGUE-FRA-NOR
    Foto: CHARLY TRIBALLEAU / AFP
  • Norge til kvartfinalen i mixed-VM

    Norge slo Ungarn 8-1 i den siste gruppespillkampen og er klar for kvartfinalen i mixed-VM i curling i Kelowna i Canada. Kvartfinalen spilles natt til lørdag norsk tid, og det er ikke klart hvem som blir Norges motstander. Seieren over Ungarn var Norges sjette av sju mulige i mesterskapet

    Ingvild Skaga
    Foto: Valentin Flauraud / AP
  • Casper Ruud møter canadier

    Casper Ruud skal opp mot Brayden Schnur i kvartfinalen i ATP-challengerturneringen i Calgary natt til lørdag. I åttedelsfinalen feide han tyske Jan Choinski av banen torsdag. Det norske tennistalentet vant 6-3, 6-2 på litt over 70 minutter.

    Casper Ruud
    Foto: Lars Eide / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
NRK Sport Live
NRK Sport Live
NRK Sport Live
Sport i dag
Sport i dag