Då Hødd vann cupfinalen etter straffespark gjekk dei automatisk inn i andre kvalifiseringsrunde til Europaligaen 2013.
I tillegg fekk dei éin av fire norske plassar i vinterturneringa Copa del Sol.
Turneringa startar 21. januar, og dei tre andre laga er Molde, Strømsgodset og Rosenborg.
No har Hødd altså valt å takke nei.
For tidleg
Ifølgje dagleg leiar i Hødd, André Nevstad, kjem Copa del Sol litt vel kjapt.
– Første fellestrening etter nyttår blir måndag 14. januar. Avreise til Copa del Sol-turneringa på La Manga er alt den 21. januar, seier Nevstad i ei pressemelding.
Han presierer at det hadde vore svært interessant å delta, men at Hødd ser det som viktigare sportsleg sett å få gjennomført ein god treningsmånad.
– Så kan ein starte matchinga.
Saka held fram under bildet.
I dialog med NTF
Nei til eliteturneringa er derimot ikkje nei til all god motstand.
– Etter dialog med NTF (Norsk Toppfotball) får vi erstatta Copa del Sol med eit tilpassa opplegg.
– Vi reiser til Tyrkia på treningsleir i slutten av februar der vi får testa oss mot internasjonal motstand, fortel Nevstad.
Konklusjonen er altså at Tromsø tek over Hødd sin plass i Copa del Sol.
– Etter nøye vurderingar vel vi å takke nei til Copa del Sol. Vi skal førebu oss så godt let seg gjere til ein lang og krevjande sesong.
– Med Adeccoliga, NM og Europacup. Europacup blir eit nytt og spennande kapittel i Hødd-historia, meiner Nevstad, som fortel at Hødd sin første treningskamp blir mot nyopprykka Kristiansund den 8. februar.
Plaster på såret
I Tromsø blir nyheit teken godt imot. Administrerande direktør i Tromsø IL, Stig-Ove Sandnes, fortel at klubben takkar ja.
– Dette vil seie at vi får vere med på ei god internasjonal turnering i januar månadg. Og det er bra.
– Er det kjedeleg at de får Copa del Sol-plassen på denne måten?
– Sånn blei det no, svarer Sandnes.
– Eit lite plaster på såret?
– Ja.
Kva tenkjer du om at Hødd har takka nei til eliteturneringa Copa del Sol? Sei meininga di i kommentarfeltet under!