37-åringen frå Gloppen har fått beskjeden: Han skal vere med på landslaget også neste vinter.
Det stadfestar landslagstrenar Morten Aa Djupvik overfor NRK.
Medgang og motgang
- Vi har eit ungt lag, og treng den rutinen og kunnskapen som Odd-Bjørn har, seier Djupvik.
- Ja, eg kan ein del om klassisk teknikk. Og eg kan ein del om motgang og om medgang, seier Hjelmeset, som på ingen måte skal vere med berre for å hjelpe dei andre på laget, trass ein middelmådig sesong i vinter.
Nettradio:
For trass mange triumfar, inkludert VM-gullet på 50 km i Sapporo i 2007, manglar han eit OL-gull.
- Femmila i Vancouver-OL er heilt klart hovudmålet for neste sesong. Der skal eg gå for gullet som eg lengtar etter, seier Hjelmeset til NRK.
Spesialopplegg
Han har hatt eit spesialopplegg på landslaget denne sesongen, og det skal han få lov til å halde fram med. Det inneber at han skal delta på nokre samlingar, men ikkje alle.
- Og hovudgrunnen til at han blir teken ut på laget, er OL-femmila, seier Djupvik.
Les:
Neste års landslag blir offentleggjort laurdag.
Tror du Hjelmeset kan kjempe om OL-gullet?