Baseballkampen i natt blir ei nervepåkjenning fansen aldri har vore med på noko i nærleiken av før:
INTENST: Skodespelar og Chicago-fan Ben Murray var veldig engasjert i kamp 6 i natt
Foto: Jason Miller / AfpDet eine finalelaget har ikkje vunne på 68 år, det andre er utan triumf på 108 år.
I natt tek ventetida slutt for eitt av dei. Og for fansen deira.
Cleveland Indians har ikkje vunne World Series i baseball sidan 1948, og ikkje vore i finalen sidan 1997.
Men det er berre barnemat for tilhengarane av Chicago Cubs, som ikkje har vunne baseballens gjævaste tittel sidan 1908, eller vore finalist sidan 1945.
I natt tek ventetida slutt for ein av dei. For det står 3–3 i best av sju-serien, og då blir alt avgjort i Cleveland.
– Draup champagne frå taket
– Dette blir det historiebok av. Og dei kjem til å lage film om denne dagen, seier Chicagos catcher David Ross.
På tribunane sit Eddie Robinson. Han er den einaste attlevande frå Cleveland-laget som vann i 1948. 95-åringen sikra den avgjerande «home run» i 6-3-sigeren i den avgjerande bortekampen mot Boston Braves.
VANN I 1948: Eddie Robinson er einaste attlevande frå Cleveland-laget som vann i 1948. Frå tribunen ventar han på ein ny triumf for gamleklubben sin
Foto: Gene J. Puskar / Ap– Etter kampen gjekk vi rett i garderoben og skifta, så gjekk vi rett på toget, seier Robinson. – Der hadde vi både matvogn og klubbvogn, så det var der feiringa eksploderte. Neste dag draup det champagne frå taket. Det kosta nok Bill (Veeck, klubbeigar) fleire tusen dollar å setje vogna i stand igjen.
– Då vi kom heim, trur eg alle i Cleveland var møtt fram til paraden gjennom byen. Det var ufatteleg stort, minnest 95-åringen.
Frå Chicagos vinnarlag i 1908 er det ingen som kan fortelje om feiringa etter 2–0 over Detroit Tigers. Naturleg nok.
Knusande bortesiger
Laga møttest til kamp seks i natt. Cleveland kunne allereie då avgjere på heimebane. Men det fekk dei ikkje til. Chicago knuste heimelaget 9–3 og tvinga fram ein sjuande og heilt avgjerande kamp.
Som det sømmer seg i ein slik finale.
ACTION: Aroldis Chapman gir alt for Chicago Cubs
Foto: EZRA SHAW / AfpDersom Chicago vinn, blir dei også første lag sidan 1985 som snur 1–3 til siger i World Series.
– Kva kan vere betre enn det? Dette er historisk, jubla Chicagos Ben Zubrist.
Også kampen i natt går på Progressive Field i Cleveland.
NB: I juni tok basket-klubben Cleveland Cavaliers NBA-tittelen for første gong sidan 1964. 2016 kan bli eit stort år for Ohios nest største by.