NRK Meny
Normal

Hirscher mistar sesongstarten: – Kvar dag er ein kamp

Verdas beste alpinist rekk ikkje verdscupopninga i Sölden i oktober og slit kvar dag med smerter etter ankelskaden.

Marchel Hircher

ETTERTRAKTA: Marcel Hircher møtte et stort presseoppbud i Wien torsdag. (Foto: Tommy Barstein)

– Kvar dag er ei stor utfordring, seier Marchel Hirscher når NRK møter han på pressetreffet i Wien.

Marcel Hircher 2

SUVEREN: Marcel Hircher har vore verdas beste alpinist i fleire sesongar på rad.

Foto: STR / Afp

På haustens første trening på ski datt han og brakk ankelen. Den suverene alpinisten har framleis til gode å ha ski på beina etter skaden.

Gipsen er av, og han er tilbake i trening, men han slit med smerter i ankelen.

– Mitt største mål no er å trene utan smerter, og ha eit vanleg liv utan hjelp frå andre personar. Eg har lyst til å sleppe å be andre om å gjere «ditt og datt» for meg, seier Hirscher vidare til NRK, som likevel understrekar at han er i framgang.

– Tilbake i Levi

– Det går likevel bra, «healingen» pågår, men eg må framleis vente nokre veker før eg kan stå på ski, seier Hirscher, og stadfestar overfor NRK at han ikkje rekk verdscupopninga i Sölden i slutten av oktober.

– Nei, det er ingen sjanse for det, seier Hircher.

– Når er planen at du skal konkurrere?

– Konkurranse er annleis enn trening på ski. Truleg kan kome meg inn i skisko og på ski om tre til fire veker. Dersom alt går veldig bra kan eg vere ein del av laget og køyre i Levi (Finland, slalåm 11. november), fortel Hirscher.

Hirscher, som førre sesong enda 160 poeng framfor Henrik Kristoffersen i slalåmcupen, har blitt kåra til årets idrettsutøvar i Austerrike tre gongar.

– Pushar limiten

Austerrikaren har vunne verdscupen sammanlagt seks gonger på rad. I tillegg kan han vise til ni VM-medaljer, seks av dei gull.

No er målet å kjempe seg tilbake i verdstoppen.

– Eg må ta dag for dag. Kvar dag er ei stor utfordring. Eg «pushar limiten» heile tida, seier Hirscher,

Han blei flydd til sjukehuset i heimbyen Salzburg etter fallet på slalåmtreninga i Mölltaler Gletscher.

Hirscher-manager Stefan Illek omtalte fallet du kan sjå under som eit «serious crash».

– Henrik favoritt

Han forklarar at situasjonen er ny for han. Han er bekymra over å ha mista 20-30 dagar på ski, samanlikna med konkurrentane.

Henrik Kristoffersen har uttalt til NRK at han likevel trur 28-åringen kjem tilbake som verdas beste alpinist allereie denne sesongen.

Hirscher sjølv fnys av påstanden.

– Eg har hatt eit stort tilbakesteg i førebuingane. Som sagt, eg har omlag 30 dagar mindre på ski enn i fjor.

– Favoritten til å vinne «kula» er andre enn meg, for eksempel Henrik sjølv, smiler Marcel Hirscher.

Siste nytt

  • Sundby og Klæbo utgjør herrelaget

    Herreduoen på lagprinten består som ventet av Martin Johnsrud Sundby (1. etappe) og Johannes Høsflot Klæbo. – Jeg tror det er det sterkeste laget vi har. Martin fikk beskjed ganske kort tid etter 15-kilometeren. Han har visst hele sesongen at han er aktuell til lagsprinten, sier sprinttrener Arild Monsen, som mener Sundby og Klæbo utgjør et lag som representerer utholdenhet.

  • Bjørgen og Falla går lagsprint

    Marit Bjørgen går den første, og Maiken Caspersen Falla den andre etappen på lagsprinten onsdag, bekrefter landslagstrener Roar Hjelmeset. – Bjørgen har ikke gått en sprintstafett siden forrige OL, men hun har gått veldig bra her nede, sier han.

    Bjørgen Falla
    Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix
  • NM flyttes til 28. februar

    NM i hopp skulle vært arrangert før OL, men ble avlyst. Nå er ny dato klar. Hopprennet er satt opp onsdag 28. februar i Holmenkollen.

    Rennet blir det første for de norske hopperne etter OL.

    Holmenkollen
    Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
OL i Pyeongchang: Kombinert hopp
OL i Pyeongchang: Skiskyting mixed stafett og curling Norge - Italia
OL i Pyeongchang: Kombinert langrenn og curling Norge - Italia
OL i Pyeongchang: Curling Norge - Italia
OL-magasin
Høydepunkter fra dagen
OL-magasin
Mester mot legende i vintersport
Mester mot legende i vintersport