Hopp til innhold

Hevdar utøvarar juksar for å hamne i lettare klasse: – Det same som doping

TOKYO (NRK): Fleire parautøvarar slår alarm om klassifiseringstesting. Utøvarar prøver å lure systemet for å stille sterkare i kampen om medalje – og gode pengepremiar i kassa.

LynyDILkcNE

DEBUT: Kat Downie i para-OL i London. Her saman med Ellie Cole, Jacqueline Freney og Annabelle Williams. No kjem ho med sterke skuldingar mot sporten.

Foto: Lefteris Pitarakis / Ap

– Vi kan ikkje akseptere at nokon manipulerer systemet. For meg blir det akkurat det same som doping, seier lengdehopp-utøvar Markus Rehm (33), også kalla «The Blade Jumper», til NRK.

Utsegna kjem etter at australske Katherine Downie (25) hevdar ho ofte vart vitne til juksing gjennom karrieren. Ho dreiv med symjing, men har no lagt opp.

Kalde dusjar og intensiv trening

For å sikre at konkurransen er rettferdig, brukar ein eit klassifiseringssystem for å gruppere utøvarane ut frå nivået av funksjonsnedsetjing.

Downie hevdar at visse utøvarar og lagkameratar meinte det var greitt å manipulere testsystemet. Det handla om å få medaljar, kjem det fram i meldingar ho viser til den australske kanalen SBS.

Kat Downie.

ROPER VARSKU: Kat Downie. Skjermdump frå Instagram.

Foto: PRIVAT

For å ha «best» mogleg sjanse for det, blir det sett på som ein fordel å stille i ei klasse der utøvaren sine føresetnader er betre enn motstandaren sin.

– Om ein utøvar rykkjer ned ein klasse, er det ein positiv fordel, bekreftar para-landslagstrenar i symjing, Morten Eklund til NRK.

Downie har cerebral parese, som gjer at ein del av kroppen hennar er svakare enn den andre.

Ho hevdar at ho såg utøvarar i same klasse bruke eksterne verkemiddel for å overdrive funksjonsnedsettinga – og difor få ein dårlegare poengsum på klassifiseringstesten.

– To timar med fysisk intens trening ville gjere deg svakare og mindre koordinert. Du ville difor stå fram mykje meir nedsett enn utgangspunktet om du ikkje trente slik før konkurranse, seier ho til SBS.

Downie hevdar også at nokre av lagkameratane innrømde at dei tok ein kald dusj før testing, og at mange brukte stressballar for å gjere funksjonsnedsetjinga meir «intens» og «verre».

– Eit problem

Markus Rehm, ein av dei mest profilerte utøvarane i Paralympics, meiner den paralympiske komité må vere på vakt.

Markus Rehm

STJERNE: Tyske Markus Rehm er ein av Paralympics mest kjende utøvarar.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

– Det er mogleg å manipulere systemet. Vi må passe på og vere bevisst på problemet. Dette er noko den paralympiske komiteen tar hand om, seier han, og viser til at manipulering av klassifiseringssystemet blir slått like hardt ned på som doping.

– Kvifor har det blitt slik at nokon prøver på det?

– Paralympics har fått meir merksemd, men det handlar òg om samarbeid, sponsorar og finansiering. Nokre utøvarar prøver å komme i ulike posisjonar, og difor blir det attraktivt å gjere det, eller å prøve på det, i det minste, seier Rehm.

Til dømes får parautøvarar i USA dei same premiepengane som OL-medaljørar.

Rehm fortel at systemet har blitt betre med åra, og at det skal mykje til for å unngå å bli oppdaga. Likevel meiner han at det framleis føregår.

Mørk historie

Landslagstrenar Morten Eklund kan òg bekrefte at det finst utøvarar som prøver å lure systemet.

– Det vil alltid vere nokon som prøver å gjere seg dårlegare på klassifiseringstesten, men dei vil deretter bli observert i konkurranse. Gjer du det dårlegare enn du faktisk er, så fintar du deg sjølv ut. Eg har trua på at dei som juksar vil bli fanga opp, seier Eklund.

Morten Eklund

SYMJING: Landslagstrenar Morten Eklund.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Det paralympiske klassifiseringssystemet har lenge slite med å sikre at det er fritt for manipulering. Den mest kjende skandalen er det spanske basketballaget i Sydney i 2000, som tok seg heilt til gullet.

I ettertid viste det seg at 10 av 12 utøvarar var funksjonsfriske, og at det var journalisten Carlos Ribagorda som stod bak stuntet.

– Vi har òg høyrt om tidlegare utøvarar som juksa seg til ein betre klasse enn dei skulle vere i, og så har dei lagt ut aktivitetar på sosiale medium som absolutt ikkje skulle vere mogleg med tanke på den klassen dei hadde fått. Eg trur at på sikt så er systemet rettferdig og det vil jamne seg ut, men at nokon glipp gjennom – det kan nok vere, seier Eklund.

Symjar Fredrik Solberg (19), som var debutant i årets Paralympics, har òg trua på at systemet vil bli betre.

– Det går an å jukse, men eg tippar dei fleste blir tatt. Det er noko som blir tatt tak i, men ein vil jo alltid ha det beste systemet som mogleg. Det er ein prosess og eg stolar på at det kjem til å bli bra til slutt, seier Solberg til NRK.

Fredrik Solberg

DEBUTERER: Fredrik Solberg fekk ein 5.- og 8.-plass på fristil og 100 meter bryst i Paralympics.

Foto: Torstein Bøe / NTB

Lir av endringa

I fleire år har den internasjonale paralympiske komite jobba med å utvikle formatet, og i 2019 blei det endringar i symjesporten, for å gjere den så rettferdig som mogleg. Den endringa påverka norske Sarah Louise Rung, symjaren som tok storeslem med heile fire medaljar i Rio i 2016.

Ho stiller no i same klasse som utøvarar som kan stupe frå kanten og gi fråspark i vatnet. Rung er lam frå hofta og ned.

– Det er eit omfattande system. Du blir vurdert i medisinske grunnlag og i vatnet. Denne gongen blei vasstesten vektlagt mest, for det er der eg er sterkast. Det er det som gjer at eg gjekk opp ein klasse, seier Rung til NRK.

Denne re-klassifiseringa skapte sinne og vonbrot i landslagsgjengen, som ikkje forstod korleis det skulle gå til. Anke måtte til, men slutninga stod.

– Vi fekk ei vurdering tre gonger med tre ulike team. Systemet er godt nok til å få folk i den klassen dei høyrer til, seier Eklund som fortel at dei har lagt bak seg situasjonen og ser framover.

Sommer-Paralympics i Tokyo 2021 - 200m svømming

SLEIT: Ingen medalje blei det på Sarah Louise Rung i årets Paralympics. Symjing er ein av dei idrettane som er vanskelegast å klassifisere utøvarar i, utan at det skal verke forvirrande eller urettferdig for både sjåarar og utøvarar sjølv.

Foto: Torstein Bøe / NTB

Vanskeleg system

Tyske Rehm ynskjer no at Den internasjonale paralympiske komité (IPC) skal forenkle systemet enda meir, for å gjere sporten meir attraktiv.

– Vi må kaste lys over temaet internt. For publikum er det enda vanskelegare å forstå. Vi har så mange ulike kategoriar. Sjølv familien min forstår det ikkje, seier han – og påpeiker at hans eiga klasse er ein av dei enklaste. Der blir ein plassert om ein har amputert.

Markus Rehm

POPULÆR: Tyske Markus Rehm var ein populær mann på pressetreffet i Paralympics Village.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

Sjølve testinga blir gjort av ulike personar rundt om i verda, og det peikar Rehm på som ein svakheit.

– Klassifiseringa burde blitt sentralisert, der alle spesialistane jobbar saman og vurderer kva klasse ein skal vere i. No er det slik at nokon vurderer på ein måte, og nokon på ein anna måte. Då vil det bli eit gap på eit punkt. Ei sentralisering ville blitt den mest tydelege og enklaste måten å gjere det på, seier han.

Tek skuldingane på alvor

Presidenten i Den internasjonale paralympiske komité, Andrew Parsons, svarar på kritikken.

Les heile tilsvaret nedst i saka.

– Kvar einaste sak som blir tatt opp hjå IPC, etterforskar vi. Men vi treng også å forstå at av og til botnar slike skuldingar ned i utøvar, eller familien til utøvaren, som skuldar andre for å jukse, fordi dei ikkje har blitt plassert i riktig klasse, eller fordi dei ikkje får dei resultata dei vil ha. Vi etterforskar alle saker, og viss det er noko å straffe, så straffar vi dei, seier Parsons til NRK.

Andrew Parsons, President IPC

PRESIDENT: Andrew Parsons

Foto: Joel Marklund for OIS / AP

På spørsmålet om han tykkjer systemet er godt nok, understrekar han at det er godt nok for å forhindre juks, men at det stadig er i utvikling når det gjeld korleis sjølve klassifiseringssystemet fungerer. Til Paralympics i Paris i 2024 skal eit nytt system vere på plass.

– Det vil alltid vere nokon som blir freista til å utfordre systemet, men utøvarane veit at viss dei gjer det, så vil konsekvensane verte store for dei. Når det gjeld klassifiseringa i kvar enkelt sport, kan vi stadig utvikle oss. Vi treng å verte meir basert på forsking. Der vil det alltid vere rom for forbetring, seier han.

Cato Zahl Pedersen, paransvarleg i Noregs idrettsforbund, steller seg bak presidenten.

– Det er eit rettferdig system. Det vil alltid vere spenn innanfor ei klasse, og det vil vere variasjon, men vi har eit dyktig kvalifiseringskorps som gjer jobben både medisinsk og funksjonelt, seier Pedersen til NRK.

Sportsnyheter

NRKs eksperter måpte etter superserie: – Så vidt kamera henger med!

Johannes Thingnes Bø sto for dagens største prestasjon da Norge vant stafetten på imponerende vis.

Siste nytt

  • Liverpool lekte seg videre i Europaligaen

    Liverpool stilte sterkt offensivt og fikk tidlig uttelling i 4-0-seieren over LASK. Den tok klubben til Europaligaens åttedelsfinale som gruppevinnere.

    Luis Diaz stanget rødtrøyene i føringen etter tolv minutter, og like etter doblet Cody Gakpo. Han bredsidet ballen enkelt i nettet fra tre meter etter å ha fått en fin pasning fra Mohamed Salah.

    Tidlig i andreomgangen scoret Salah sikkert fra straffemerket, og to minutter på overtid økte Gakpo til 4-0.

    Liverpool står med tolv poeng fra fem kamper i pulje E. Det er nok til å ta førsteplassen og være klar for åttedelsfinale på nyåret.

    Toulouse er nummer to med åtte poeng etter 0-0 hjemme mot Union Saint-Gilloise.

    Aron Dønnum spilte fra start for de franske vertene, mens Warren Kamanzi slapp til helt på tampen. Mathias Rasmussen fikk en drøy time for gjestene fra Belgia. (NTB/NRK)

    Liverpool-spillerne jubler for scoring mot LASK i Europaligaen
    Foto: Jon Super / AP
  • Moldes avansement i en tynn tråd etter høydramatisk kamp

    Etter 2-2 hjemme mot aserbajdjanske Qarabag skal fryktelig mye gå Moldes vei om det skal bli avansement i Europaligaen.

    Med én runde igjen har både Molde og Qarabag syv poeng, men sistnevnte er foran på innbyrdes oppgjør.

    Dermed må Molde ta flere poeng borte mot de tyske serielederne Bayer Leverkusen i siste runde, enn det Qarabag tar hjemme mot svenske Häcken.

    – Nå blir det håpløst. Vi regner vel med at Qarabag slår Häcken, og Molde får vel problemer med å slå Bayer Leverkusen, sier NRK-ekspert Åge Hareide.

    Etter torsdagens resultater kan i hvert fall Molde ikke bli dårligere enn nummer tre i gruppen. Det vil gi 16-delsfinale i Serieligaen.

    Med tap ville Molde allerede vært ute av Europaligaen, og det ble en marerittstart i torsdagens kamp. Brasilianske Juninho parkerte alt og alle, før han sendte Qarabag i ledelsen etter drøyt ti minutter.

    Molde måtte vente helt til det gjensto ti minutter før det skulle løsne, og anført av Kristian Eriksen så snudde romsdalingene kampen.

    Da var én fot så godt som i sluttspillet i Europaligaen, men Bahlui Mustafazadas utligning fire minutter på overtid ødela mye.

    Molde-spillerne depper mot Qarabag
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB
  • Røff start på Hovlands tittelforsvar

    Viktor Hovland fikk en frustrerende åpning i jakten på en tredje strake golftittel i World Challenge. Han gikk første dag ett slag over par.

    Det holder til en 16.-plass før de tre siste rundene på Bahamas. Hovland spilte seg til fire birdier (tre av dem på rad), men gikk også på noen stygge smeller.

    Særlig det som skjedde på hull 17, vil plage ham. Der havnet han i greenbunkeren og slet med å få ballen opp igjen. Senere sendte han putten forbi hullkanten og noterte en sviende dobbeltbogey.

    Fra før hadde han fått bogey tre ganger.

    Hovland vant World Challenge i både 2021 og 2022. Tiger Woods står bak turneringen som er en del av PGA-kalenderen, men den teller ikke som en offisiell konkurranse.

    Woods deltar selv på banen i New Providence. Det er første gang siden US Masters i april at golfikonet spiller blant eliten. En ankeloperasjon satte 47-åringen ut av spill.

    Amerikaneren startet første runde med å gå tre slag over par. Kun 20 spillere er invitert til å delta på Bahamas. (NTB)

    Viktor Hovland i aksjon i World Challenge
    Foto: MIKE EHRMANN / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal