Firouzja deltok i fjorårets versjon av den tradisjonsrike turneringa, men deltagelsen enda i skandale.
Midt under eit tøft parti mot den polske stormeisteren Radoslaw Wojtaszek fekk han beskjed om at dei måtte bytte bord til ein annan stad i lokalet.
Det fekk den unge fransk-iranaren til å rase mot dommarane, noko som går tydeleg fram på bileta frå den Chess.com-sende turneringa.
IRRITERT: Alireza Firouzja reagerte kraftig da han fekk beskjed om å bytte bord.
Foto: Skjermdump/Chess.comEtter turneringa fekk han ein offentleg unnskyldning frå arrangøren, men no viser det seg at Firouzja ikkje har klart å gravleggje stridsøksa før årets turnering, som startar laurdag.
Det avslører turneringssjef Jeroen van den Berg overfor Chess24, som omtalte saka først.
– Etter at vi gav tilbodet vårt om kompensasjon for deltaking i turneringa i år, fekk eg ei melding om at dei krevde kompensasjon for det som skjedde i 2021, og dei bad om mykje meir enn eg hadde tilbode dei. Så da byrja eg å leite etter andre spelarar, seier van den Berg til Chess24.
NRK har gjentatte gongar forsøkt å få ein kommentar frå sjakkstjernenes agent og bror, Mohammadreza Firouzja, utan å lukkast.
– Sinnssjuke krav
Dei store økonomiske krava har fått andre sjakkspelarar til å reagere. Amerikanske Hikaru Nakamura gjekk ut på sin eigen Twitch-kanal, og meinte det var bra at turneringsledelsen gjekk ut med informasjonen.
– Du spelar hovudsakleg for å spele mot Magnus og de andre toppspelarane – og for å vinne turneringa. Det er det som betyr noko. Eg håper at Alireza og hans team forstår dette og at de ikkje fortset med sinnssjuke krav. Da vil han ikkje få delta i turneringane – det er ikkje nok pengar.
KRITISK: Hikaru Nakamura er kritisk til krava frå Firouzja.
Foto: CHRISTIAN KRÅKENES / NRK– Med all respekt, den einaste personen som kan få sponsorar til å spytte inn enda meir pengar i turneringar som dette er verdsmeister Magnus Carlsen. Det er ikkje Alireza Firouzja. Forhåpentlegvis forstår teamet hans meir av økonomien rundt dette etter kvart, sa Nakamura på sin eigen Twitch-kanal.
Går glipp av Carlsen-duell
Firouzja klatra nyleg opp til andreplass på verdensrankingen i sjakk, og mange meiner at det er nettopp han som har størst sjansar til å ta sjakktrona frå Carlsen.
Nyleg uttalte også nordmannen at det berre er Firouzja som kan motivere han til ein ny VM-kamp i langsjakk.
No går derimot sjakken glipp av det første møtet mellom duoen etter at Firouzja klatra opp bak Carlsen.
– Dette hadde vore den store duellen, Magnus mot Firouzja i langsjakk for første gang etter at han tok andreplass på rankinga. Det er opplagt at Firouzja er godt kjent med det, og at hans marknadsverdi er høg no. Alle snakkar om han. Men så har han ikkje klart å komme til semje her. Det er eit spesielt opplegg med denne episoden, seier NRKs sjakkekspert Torstein Bae.
Wijk aan Zee-turneringa blir spelt mellom 15. og 30. januar. Carlsen, som i fjor enda på 6.-plass, er storfavoritt til å vinne.