Hopp til innhold

Hevdar barn tek smertestillande for å tole trening og kampar

Gro Hammerseng-Edin er bekymra for bruken av smertestillande i handballen, og innrømmer at ho har tøygd strikken langt meir enn det som var forsvarleg.

Gro Hammerseng Edin og smertestillende

BEKYMRA: Gro Hammerseng-Edin meiner det er på tide med eit oppgjer med bruken av smertestillande.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Eg var ein av dei som gjekk føre for å vere j... tøff og spelte uansett. Sett i ettertid er det ikkje dei signala eg vil gi til unge utøvarar. Dei må seie ifrå når dei har det vondt. Dei bør bli lytta til når dei seier ifrå. Alle rundt dei må følgje nøye med når det er mykje for dei, seier Gro Hammerseng-Edin til NRK.

Tyske ARD avslørte nyleg korleis smertestillande har vorte ein del av kvardagen for mange spelarar i tysk fotball. I norsk handball er dette òg eit stort problem.

Gros kone, Anja Hammerseng-Edin, skreiv bok om temaet for to år sidan. Ho meiner dette er eit problem både blant toppspelarar og hos dei yngre.

I boka har ho intervjua 100 spelarar frå 12 til 20 år. Ho meiner fleire spelarar tek smertestillande for å tole treningar før eit viktig uttak, for å komme med på krinslag og liknande. Viss dei ikkje er med på trening, fryktar dei å bli oversedde.

Ho omtaler det som «skremmande» og meiner det er veldig utbreidd bruk av smertestillande blant norske spelarar.

– Problemet er ganske stort i Noreg. Mange bruker Voltaren for å halde ut, og mange får det i ung alder av foreldra. Det blir delt ut til andre på laget for at dei skal vinne kampar. Vi bryr oss om kvarandre, og folk trur det er ei teneste, sa Anja Hammerseng-Edin då ho gjesta Dagsnytt 18 torsdag 18. juni.

– Eg veit at det er eit problem. At det er så utbreidd er ikkje ukjent for meg, sa Noregs landslagslege Anne Froholdt i same program.

Møbelringen Cup). Golden League, landslagsturnering kvinner i Fornebu Arena (2. runde). Norge Frankrike.

LEGE: Anne Froholdt, her avbilda i samband med ein landskamp i 2018.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Ho påpeikar òg at det ikkje er særleg langsiktig å dope ned kroppen med smertestillande for å tole belastninga.

– Vi veit veldig mykje om konsekvensar. Det er masse biverknader på kort sikt. Vi veit ikkje så mykje om langtidsbiverknadene, men vi kan ikkje forvente at det blir noko betre på lang sikt, seier Froholdt.

Spelte med seks brot i nasen

Under VM i Japan i desember i fjor brekte Heidi Løke nasen. Ho spelte likevel vidare i meisterskapen, og knakk nasen på plass først etter meisterskapen. Så var det heim for å spele cupfinale i desember.

I mai skreiv TV 2 at Løke no er operert, og at ho har slite med å puste. Sidan OL vart utsett eit år, hadde Løke «tid» til å operere nasen no.

– Det er eit døme på kor galne vi er i hovudet. Det seier litt til dei som ikkje driv med det, dette er galskap, seier Hammeseng-Edin.

Løke har ikkje svart på NRKs førespurnader om det som skjedde etter skaden i VM.

Skrur vi tida tilbake til 2013 sa Nora Mørk at ho gjerne tok eitt år i rullestol viss ho tok OL-gull i Rio.

Gro Hammerseng-Edin er open om at også ho var dårleg til å lytte til kroppen

– Noko av det siste store eg gjorde var «Final4», og då hadde eg verkeleg trøbbel. Vi spelte sluttspelkampar i Noreg same veka som vi skulle til Ungarn og spele kamp fredag og laurdag. Etter semifinalen var kroppen ferdig, men dagen etter var det finale.

Der skulle Gro Hammerseng-Edin spele. Å stå over var ikkje eit alternativ.

Gro Hammerseng-Edin, Asma El Ghaoui

BEINHARD: Gro-hammarseng Edin i aksjon under semifinalen i meisterligaen i 2015. Dagen etter var det ny kamp.

Foto: Aniko Kovacs / AP

– For første gong tok eg to Voltaren før kamp. Eg pleidde å nøye meg med éin. Så ryk det ei sene i foten i finalen.

Likevel speler ho heile finalen. Nokre dagar seinare speler ho sluttspelfinalar i Noreg etter å ha teipa foten og med ekstra sole under foten. I verste fall kan ho få problem som aldri kan rettast opp, men Hammeseng-Edin trassa åtvaringa.

– Eg slit med å røre meg normalt, men fullfører finalespelet. Så klart med smertestillande.

Først etter tre månaders kamppause på sommaren var foten frisk igjen.

Som kommentator i TV 2 har ho fleire gonger uttalte seg om saka, seinast fredag. I kommentaren «Eg blir litt forbanna på deg, Fagermo», skriv ho:

– Ingen bremsa meg. Ingen tok for alvor til orde for at belastninga var for dryg. Ingen spurde kor mykje smertestillande eg tok. Var det først og fremst mitt eige ansvar? Ja, heilt klart. For eigen del var eg ikkje særleg opplyst om farerisikoen ved å gjentekne gonger velje ein lettvint løysing for å prøve å unngå å ta den pausen eg burde ta. Kroppen varsla. Eg ville ikkje lytte. Eg ville spele, skriv Hammerseng-Edin i kommentaren sin.

Glassverket IF - Larvik HK 19 - 28

ENGASJERTE: Ekteparet Gro og Anja Hammerseng-Edin er veldig oppteken av temaet. Her avbilda saman etter cupfinalen i 2015.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Kven har ansvaret?

Ifølgje Anja Hammerseng-Edin er det ingen som har kontroll på kor mykje smertestillande unge spelarar tek.

– Mange i ung alder får det av foreldra. Det blir delt ut til andre på laget for å vinne kampar fordi vi bryr oss om kvarandre og er gira på å vinne. Folk trur det er ei teneste, sa ho i Dagsnytt 18.

Inggard Lerreim er spesialist på idrettsmedisin og synest det er hårreisande at foreldre gir ut smertestillande til barna. Han meiner det er eit felles ansvar.

– Det er eit ansvar for legar, leiarar, trenarar, mor og far, seier han.

– Det er ikkje så enkelt som at det er nokon som har ansvaret. Det er ein felles jobb med utøvaren sjølv. Det må jobbast med skadeførebygging frå ung alder. Det er kanskje kjedeleg, men den kulturen må vi skape, seier Gro Hammerseng-Edin.

– Leiarar, trenarar, utøvarar, medisinsk apparat, foreldre. Vi kan ikkje peike på ein enkelt ting. Dette er viktig å belyse. Medvit, kunnskap og auka fokus på utfordringa er ein veg å gå. Og vi må ta inn over oss dei store spørsmåla. Viss nokon er villige til å ofre alt for å bli best eller vinne, kan nokon stoppe dei? Bør nokon stoppe dei? Er folk i idretten villige til å investere i dette arbeidet viss det går på kostnad av resultat og økonomi? spør ho.

– Kan du nekte ein spelar å vere med?

Gro Hammerseng-Edin håpar no at bruken av smertestillande blir eit tema i fleire garderobar. Ho meiner sjølv at ho aldri vart spurd om kva ho brukte, og at ei bevisstgjering om konsekvensar kan hjelpe med å få ned bruken.

Då ho sjølv var aktiv vart det ikkje snakka noko særleg om det i garderoben.

– Eg opplevde meir at ein spurde «er det nokon som har? Eg er tom.» Vi trudde vi hjelpte kvarandre. Vi burde ha sagt «viss du har så vondt, kanskje du bør ta fri frå trening, kanskje heile veka? Kanskje du ikkje bør dra på samlinga i det heile.»

For nokon inneber det å stå over meisterskap, ikkje bli med på krinslaget eller bli oversett. For nokon kan det bety karriereslutt. Ho meiner det er eit felles ansvar å ta tak i problemet.

– Kan du nekte ein spelar å vere med? Viss ein er villig til å tyne kroppen? Har nokon rett til å seie «du burde ikkje dra på den samlinga»? Det er vanskelege spørsmål for dei som sit i desse rollene.

Då ho la opp fekk ho tilbakemeldingar om at det var på tide, og at ho burde ha gjort det for lenge sidan.

– Kva med å seie det i klartekst litt før? Då hadde det vore lettare, eg føler at eg gjekk veldig åleine. Det var vanskeleg, eg elska handballen så høgt.

OLYMPIC GAMES BEIJING 2008

GODE MINNE: Gro Hammerseng-Edin løftar det norske flagget for å feire OL-gull i 2008

Foto: Erik Johansen / NTB scanpix

Siste nytt

  • Store endringer på kombinertlandslaget: Fra 13 til seks utøvere

    I vinter var det ni menn og fire kvinner på kombinertlandslaget. Til neste sesong slås de to lagene sammen til ett, samtidig som det kuttes drastisk.

    – Vi ønsker å spisse satsingen enda mer mot et VM på hjemmebane neste år og optimalisere satsingen mot de aller, aller beste, sier sportssjef Ivar Stuan til NRK.

    De seks utøverne som blir en del av Elite A-landslaget er: Jørgen Graabak, Ida Marie Hagen, Gyda Westvold Hansen, Mari Leinan Lund, Jens Lurås Oftebro og Jarl Magnus Riiber.

    Samtidig har ledelsen opprettet et B-landslag. Der er det én kvinne og syv menn. Blant dem flere som har medaljer og gull fra VM og OL.

    B-laget består av: Marte Leinan Lund, Espen Andersen, Espen Bjørnstad, Kasper Moen Flatla, Einar Lurås Oftebro, Aleksander Skoglund, Andreas Skoglund og Simen Tiller.

    – Vi legger også til rette for de nest beste, men de vil trene mye mer lokalt med sine regionale team, sier sportssjef Stuan om utøverne Elite B-laget.

    Ifølge Stuan handler kuttet i antall på A-laget først og fremst om optimalisering, men også noe økonomi.

    Neste år er det VM på hjemmebane i Trondheim.

    Kombinert
    Foto: NTB
  • VG: VM endte med millionunderskudd for Norges Håndballforbund

    Den norske delen av VM i håndball gikk over én million kroner i underskudd. Medarrangørene Danmark og Sverige fikk bedre økonomiske resultater.

    Norges håndballpresident Kåre Geir Lio opplyser om underskuddet til VG. Håndballmesterskapet for kvinner ble avholdt i november og desember 2023.

    Ifølge Lio fikk Danmark et overskudd på seks millioner kroner, mens svenskene gikk omtrent i null. Det økonomiske tapet skal likevel ikke være en sperre for mesterskap i Norge i framtiden.

    – Vi må være modige og tørre, sier Lio til avisen.

    Norge arrangerte totalt 23 VM-kamper i gruppespillet, hovedrunden og kvartfinaler. Det var totalt 36.870 tilskuere på kampene til de norske håndballjentene. Mesterskapet endte med VM-sølv for Norge.

    Neste år er Norge vertskap sammen med Danmark og Kroatia når håndball-VM for menn arrangeres. (NTB)

    cLJZ5U40J_M
    Foto: NTB
  • Eliteserieklubbene smadret salgsrekorden i 2023

    Norsk Toppfotballs (NTF) mål om at landets fotballklubber samlet skal selge spillere for mer enn én milliard kroner årlig innen 2028 er nesten nådd allerede.

    Det viser en fersk rapport fra Europatoppen.

    I 2023 solgte norske klubber spillere for hele 959 millioner kroner. Det var en markant økning fra 355 millioner i 2022.

    – Det er fantastiske tall, og det viser at spillere i norske klubber er attraktive på det internasjonale markedet. Samtidig er det en risiko for at ligaen blir svekket dersom man ikke klarer å fylle på med egenutviklede spillere eller bommer på spillerkjøp, sier NTFs sportssjef Erik Hoftun.

    I fjor solgte Molde alene spillere for nær en kvart milliard kroner, mens også Bodø/Glimt (149 millioner) og Rosenborg (105 millioner) passerte et tresifret antall millioner. (NTB)

    Sivert Mannsverk
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal