Ein beinhard avslutning opp til Målselv fjellandsby skilde dei beste frå nest dei beste i dagens kongeetappe av Arctic Race of Norway. Ikkje uventa blei etappen for tøff for samanlagtleiar Alexander Kristoff.
Kristoff stivna fort
– Eg hadde planer om å prøve, men det heldt berre halvvegs i bakken. Eg stivna ganske fort, sa Kristoff til NRK etter målgang.
For med litt over ein kilometer igjen til mål gira estiske Rein Taaramäe opp eit par hakk og plutseleg var Astana-ryttaren heilt aleine opp dei bratte stigningane med Tour de France- tendensar frå publikum i vegkanten.
Men sluttspurten sette han tydelegvis inn for tidleg. BMC-ryttar Ben Hermans kom sterkt bakfrå og tok igjen ein svært sliten Taaramaë og vinn etappen.
Han tek også over den blå leiartrøya i Arctic Race.
Mathias Franck kjem inn som tredjemann og Edvald Boasson Hagen er den av dei norske som heng best med. Han kjem inn på ein åttande plass, 23 sekund bak.
Boasson Hagen best i samandraget
Boasson Hagen hang seg ikkje med på rykkinga frå teten i starten av bakken og sjølv om det ikkje blei suksess, trur han det var ein lur taktikk.
– For min del må eg berre køyre jevnt. Eg hadde tapt meir viss eg hadde blitt med på rykk og napp, sa Boasson Hagen til TV2 etter og held fram.
– Det blei for tøft. Eg kjempa heilt til siste meter men det heldt ikkje heilt inn, sa Boasson Hagen som no er vårt største håp i rittet som avsluttast i morgon.
Han er nummer tre totalt, 24 sekund bak leiaren Ben Hermans før avslutninga av rittet i Narvik i morgon.
Som forventa mista altså Alexander Kristoff den blå leiartrøya etter at han trilla inn over to minutt etter vinnar Hermans. Men likevel kunne vår store stjerne seie seg fornøgd med den solfylte dagen i Troms.
– I dag fekk me faktisk tid til å nyte naturen. Me fekk sjå mange fine fjordar og fjell og til og med dansa litt, fortalde Kristoff.
Han og resten av feltet blei nemleg stoppa etter starten i Finnsnes av ei folkedraktlenke på Gisundbrua.
– Eg var ikkje heilt førebudd på det, men det var morsomt det. Mangla musikk då, seier Kristoff med eit smil til NRK.
Sjå videoklippet frå Troms Folkeblad under.