Hopp til innhold

Hergeirsson kritisk til Puerto Rico-slakt: – Eg drit i kva ekspertane meiner

Noreg tok ein oppskriftsmessig siger mot Puerto Rico, og no forsvarar landslagssjef Thorir Hergeirsson det svake laget.

Håndball-VM kvinner Spania 2021: Norge - Puerto Rico

ENKELT: Thorir Hergeirsson og assisterande landslagstrenar Tonje Larsen fekk ei enkel oppgåve å leie laget mot Puerto Rico.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

To mål mangla Noreg frå å setje ein ny scoringsrekord i VM. Den sigersmarginen stod på 37, etter 48–11 mot Uruguay og 47–10 mot Australia.

Mot Puerto Rico stoppa det på 43–7.

Handballekspert Ole Erevik sparte ikkje på kritikken mot Puerto Rico.

– Dette er noko av det dårlegaste eg har sett i handball på toppnivå. Dei kan ikkje kaste eller gripe, det er ein skandale for handballsporten, var mellom anna noko av det Erevik sa.

Dei utsegna reagerer landslagssjef Thorir Hergeirsson på.

– Eg meiner vi må vere rause og tolerante. Eg drit i kva ekspertane meiner om kva som er kjedeleg, seier Hergeirsson.

Tenkjer på det sportslege

Landslagssjefen meiner topphandballen må ha råd til å ta med dei litt svakare nasjonane i dei større meisterskapa. Han tenkjer nemleg på den sportslege biten.

Eg har stor respekt for nasjonar som kjem opp og fram. Eg meiner vi har råd til å ha dei med, men det er ikkje morosame kampar for publikum, det er det ikkje, seier Hergeirsson.

Håndball-VM kvinner Spania 2021: Norge - Puerto Rico

SAMLA: Puerto Rico og Noreg for eit lagbilete etter kampen.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Dersom spenningsfylte kampar er det som veg mest, må ein revurdere oppsettet, seier han. Likevel meiner han det er viktig å hugse på ein ting:

– Vi hadde nasjonar som ein gong fekk ordentleg bank med både tjue og tretti mål, men som har komme seg på eit bra nivå. Det må ein hugse på, men nokre av laga er her kanskje litt for tidleg, seier Hergeirsson og held fram:

– Vi toler dette. Det blir mange nok tøffe kampar likevel.

Sanna Solberg-Isaksen, som scora ti mål og blei kåra til banas beste, meiner puljane burde bli fordelt på ein annan måte.

– Vi kunne unngått dette om puljane blei fordelt litt betre. No har vi hatt tre av desse kampane. Eventuelt kunne vi hatt eit B-sluttspel, der to gjekk vidare og to gjekk i eit B-sluttspel, seier ho.

– Håpar du IHF (Det internasjonale handballforbundet) tek grep til neste meisterskap?

– Det er bra at nokre av desse laga får prøve seg, men eg tykkjer det held at dei er med i innleiande rundar. I hovudrunden tykkjer eg vi må ha ordentlege kampar, seier Solberg-Isaksen.

Håndball-VM kvinner Spania 2021: Norge - Puerto Rico

STARTA PÅ BENKEN: Sanna Solberg-Isaksen kom inn i andre omgang og enda med ti mål.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Dommarfordel

Fleire av ekspertane var også kritiske til eit særs passivt Puerto Rico.

I pausen stilte assistenttrenar Mats Olsson spørsmålsteikn ved at Puerto Rico fekk spele veldig lange angrep.

– Eg veit ikkje om dommarane har fått beskjed om at Puerto Rico skal få spele lenge slik at det ikkje blir noko skandaleresultat. Dei får halde på veldig lenge, sa Olsson til NRK.

Det at Puerto Rico fekk halde på så lenge i angrep reagerer òg ekspertane kraftig på.

– Det tykkjer eg ikkje noko om. Det gjer at Noreg må stå 90 prosent av kampen i forsvar, og må køyre kontringar. Det går utover Noreg, og vi får ingenting tilbake for dette, seier NRKs handballekspert Geir Oustorp frå kommentatorplass, og held fram:

– Det tykkjer eg er trist. Det er ikkje eit verdsmeisterskap verdig.

Oustorp og Rowlands

NRKs kommentator-duo Patrick Rowlands (t.v.) og Geir Oustorp i Castellón.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Då burde dei ikkje vore her, spør kommentator Patrick Rowlands, om det er tilfelle at Puerto Rico fekk desse fordelane av dommarane.

– Nei, eg tykkjer det er kjedeleg å høyre. Før meisterskapet sa dei at dei ikkje ynskte gå-handball. Når eit så bra lag møter eit så dårleg lag, ser det ut til at dei gir alle fordelar til det svakaste laget, seier Oustorp vidare.

Sjølv avfeiar landslagssjef Hergeirsson at det var dommarfordel i retning Puerto Rico.

– Eg definerer det som snill dømming. Det er omtenksamt av dommarane. Likevel var det tendensar til gå-handball, og det var noko dei skulle ta tak i, i dette meisterskapet, men eg orkar ikkje å engasjere meg så mykje i det, seier Hergeirsson.

Ein ting er sikkert, og det er at spelarane fekk jobbe med konsentrasjonen i denne kampen.

– Eg tykkjer heile gjengen bestod ganske godt. Dei får halde på, og det er slik det er, det er dommaren som legg lista, avsluttar han.

Siste nytt

  • Zuccarello-scoring i Wild-tap

    Seattle Kraken slo Minnesota Wild 4-3 torsdag kveld og avsluttet grunnserien for de to lagene som ikke kom med i sluttspillet.

    Krakens Tye Kartye sto for 3-2-målet da det sto igjen 2.40 i siste periode. Ett minutt senere gikk Kraken opp i en 4-2-ledelse før Wilds Brock Faber reduserte til 4-3 ett minutt før kampslutt.

    Kirill Kaprizov scoret sitt 46. mål for sesongen i powerplay i første periode, og Mats Zuccarello scoret det utlignende målet for Wild midtveis i tredje periode. Det ble hans tolvte mål for sesongen.

    Nordmannen fikk 23 minutter og 44 sekunder på isen i den avsluttende hjemmekampen. (NTB)

    pa39-a-fBGA
    Foto: AP
  • Norsk fotball sikret viktig rankingplass

    Hellas kan ikke lenger ta igjen Norge på Uefa-rankingen som fordeler europacupplasser for menn fra sesongen 2025/26.

    Dermed ender Norge på 14.-plass på Det europeiske fotballforbundets (Uefa) nasjonale klubbkoeffisienter. Det betyr at årets mester i Eliteserien vil gå rett inn i den siste kvalifiseringsrunden til mesterligaen neste år.

    Skulle det ikke gå veien der, er Norges beste lag uansett garantert gruppespill i europaligaen.

    Spenningen rundt 14.-plassen levde fram til torsdag ettersom Hellas hadde to lag i conferenceligaen; Olympiakos og PAOK. Sistnevnte røk ut klart for Brugge, mens førstnevnte ble holdt til straffesparkkonkurranse mot Fenerbahçe.

    Dermed ender Hellas bak Norge på den nevnte Uefa-rankingen.

    Fordelingen av europacupplasser blir slik for Norges del sesongen 2025/26:

    * To lag i kvalifiseringen til Mesterligaen (1.- og 2.-plass i ligaen)

    * Ett lag i kvalifiseringen til Europaligaen (cupvinner)

    * To lag i kvalifiseringen til Serieligaen (3.- og 4.-plass i ligaen)

    Otfs84t2WGM
    Foto: NTB
  • Utrolig rekord av Leverkusen - ubeseiret i 44 kamper

    Bayer Leverkusen gikk seirende ut av kvartfinalen mot West Ham i Europaligaen, og like før slutt i London torsdag kveld sørget Leverkusen for at de unngikk tap nok en gang.

    Kampen på London Stadium endte 1-1 etter at Jeremie Frimpong utlignet minuttet før slutt. Dermed ble det den 44. kampen på rad at Leverkusen unngikk tap.

    Det er rekord for lag fra topp fem-ligaene. Juventus hadde den gamle på 43 strake kamper uten tap mellom mai 2011 og mai 2012.

    Den elleville rekken til Leverkusen har sørget for at klubben har vunnet Bundesliga for første gang i historien, de er i den tyske cupfinalen og i semifinalen i Europaligaen.

    I kvartfinalen mot West Ham vant Leverkusen 2-0 hjemme. I bortemøte ble de liggende under etter Michail Antonios scoring etter et snaut kvarter.

    West Ham presset på for en scoring som ville gitt ekstraomganger, men i stedet sørget altså Frimpong for 1-1 i kampen og 3-1-seier sammenlagt for de tyske seriemesterne.

    I semifinalen møter de Roma for andre sesong på rad. Forrige sesong vant Roma 1-0 sammenlagt.

    Leverkusen-jubel mot West Ham
    Foto: BEN STANSALL / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal