NRK Meny
Normal

Her trener ein nervøs Casper Ruud med idolet Rafael Nadal

Ein av tidenes mestvinnande tennisstjerner bruker Casper Ruud (18) som treningsmotstand før neste ATP-turnering.

Casper Ruud og Rafael Nadal

MØTTE IDOLET PÅ TRENING: Casper Ruud (lengst frå kamera) trener denne veka med Rafael Nadal på Mallorca.

Foto: Privat

– Det var sjølvsagt veldig gøy å få spele med Nadal, mitt største idol i alle år og ein eg alltid har sett opp til!, skriv Casper Ruud til NRK etter økta.

Ruud pådro seg skade i ryggen under kamp i Stavanger søndag, men klarte likevel å møte opp på trening mot ein av tidenes mestvinnande tennisspelarar på Mallorca dagen etter.

– Eg var veldig bekymra etter kampen i går, som enda med skade i ryggen, men etter mykje bra behandling blei det heldigvis bra nok til å halde opp trykket på treninga med Nadal, skriv stortalentet.

Også pappa Christian Ruud kunne melde om ei bra trening. Han overvar riktig nok ikkje den to timar lange økta, men fekk positive signal frå trenar Pedro Rico etter sonens møte med tennissportens store gruslegende.

– Tilbakemeldinga var at Casper spelte kjempebra, og at Rafael Nadal virka fornøgd, seier pappa Christian Ruud.

– Eg trur nok Casper var nervøs fordi han ikkje ville skuffe Nadal med ei dårleg trening, legg pappa Ruud til.

Surrealistisk med «kongen av grus» som motstand

Tidlegare har tennistalentet trena med Andy Murray, men dagens møte overgjekk alt stortalentet har opplevd utanfor kamp.

– Eg merka at eg måtte tenke meg om eit par gangar då eg såg at han som var på andre sida av nettet i dag var sjølvaste Nadal, kongen av grus og ein av dei aller beste spelarane gjennom tidene. Det var bare ekstremt moro, og sjølv om eg var veldig spent og litt nervøs så gjekk treninga i dag veldig bra, skriv Casper Ruud.

Rafael Nadal

GRAND SLAM-GROSSIST: Rafael Nadal har 14 Grand Slam-titlar i karriera. Bare Roger Federer har fleire.

Foto: FILIPPO MONTEFORTE / Afp

– Nadal drar ikkje ned nivået for å vere snill

I fire dagar skal Ruud trene med Nadal på tennisstjernas akademi.

– Nadal er interessert i å finne formen før ATP-turneringa i Monte Carlo i april. Det er nok «full guff» på trening. Eg trur ikkje han drar ned nivået sitt for å vere snill med Casper, seier Christian Ruud.

Stor motivasjon

Casper Ruud blei nyleg rangert som nummer 126 i verda etter ein solid klatretur den siste tida. Så seint som i februar i år var nordmannen utanfor topp 200 på verdsrankinga.

Håpet er at stortalentet skal kjempe seg inn på topp 100-lista i løpet av 2017.

Treningsøkter mot mannen som innehar femteplassen på verdsrankinga kan vere til stor hjelp på vegen mot målet.

– Nadal har vore i verdstoppen i rundt ti år. Å matche han på trening over fire dagar er ei kjempegod erfaring, og ikkje minst ein stor motivasjon for å ta nye steg, seier Christian Ruud.

Casper Ruud etter seieren

STORTALENT: Norske Casper Ruud.

Foto: Felipe Dana / AP

Siste nytt

  • Canada slått av Tyskland

    Canadas hockeylag nådde ikke finalen i OL etter et sensasjonelt nederlag for Tyskland i semifinalen fredag. Tyskland vant 4-3 og møter OUR i finalen søndag. Bronsekampen mellom Canada og Tsjekkia spilles lørdag.

    Tyskland hockey
    Foto: Jung Yeon-je / AFP
  • Kristoff nummer åtte etter velt

    Alexander Kristoff fikk en tung fredag i Abu Dhabi Tour. Syklisten endte på åttendeplass på den 3. etappen av rittet etter at han endte i asfalten 45 kilometer før målgang. Tyske Phil Bauhaus knep seieren. Kristoffer Halvorsen ble nummer 13, mens Sven Erik Bystrøm trillet inn som nummer 38.

    Alexander Kristoff
    Foto: Giuseppe Cacace / AFP
  • OUR klare for hockeyfinale

    De russiske hockeyherrene er klar for OL-finalen etter 3-0-seier over Tsjekkia i semifinalen. Nikita Gusev, Vladislav Gavrikov og Ilja Kovaltsjuk scoret målene for OUR.

    I finalen venter Canada eller Tyskland.

    Pyeongchang 2018 Winter Olympics
    Foto: Grigory Dukor / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Høydepunkter fra dagen
Mester mot legende i vintersport
OL-magasin