Situasjonen som kan setje Moens vidare EM-dømming i fare, opppstod etter eit kvarters spel.
Ukrainas Andrij Jarmolenko gjekk overende, tilsynelatande dytta av ein polakk. Ukraina ropte på straffe, men den norske dommaren vinka spelet vidare. TV-reprisen viste at det nok burde vore blåse der.
– Det er klar straffe, og det er synd Svein Oddvar og hans team ikkje får det med seg. Polakken tek beina på Jarmolenko, seier Nils Johan Semb i NRKs studio.
Semb: – Klar straffe
Moen var ute for ein liknande situasjon i førre kampen han dømde, Wales - Slovakia.
– Det er litt uheldig. Det er slike avgjerder som også avgjer om ein får kampar seinare i EM. Slik er det, det er små avgjerder for dommarane også. Denne burde dei ha fått med seg, seier Semb.
Sigeren gav Polen andreplass i gruppa, bak Tyskland.
– Vi var med i kampen om førsteplassen, så det er dumt at vi ikkje tok den. Men vi ser framleis med i EM, det er vi nøgde med, sa Polens Arkadiusz Milik.
Det betyr kamp mot Sveits i åttedelsfinalen laurdag.
Det er første gong sidan 1986 at Polen går vidare frå gruppespelet i eit meisterskap.
Ukraina var utslått av EM allereie før kampen, og før avspark kunngjorde også Mikhail Fomenko at han gir seg som trenar. Kampen mot Polen skulle bli hans siste.
Innbytar avgjorde
Den vart også Ukrainas beste i årets EM.
Men det var Polen som scora, og det mot spelets gang. Innbytar Jakub Blaszczykowski hadde vore på bana i ni minutt då han smelte ballen opp i hjørnet etter ein corner.
Målet ser du her.
For til då hadde Ukraina vore klart best. Etter at Robert Lewandowski hadde bomma på ein gigantsjanse etter berre få minutt, handla alt om dei gulkledde ukrainarane. Dei skapte sjanse på sjanse, og det var utruleg at dei ikkje leia ved pause.
Etter scoringa jamna det seg ut. Polen hadde gode sjansar til målet som hadde gitt lik statistikk med Tyskland.
Ukraina utan scoringar
Men det kom aldri fleire mål. Dermed er Ukraina med 0-5 i målforskjell det første laget sidan Danmark i 2000 som går gjennom EM-gruppespelet utan scoring.
Lewandowskis gigasjanse i opninga:
Men Tyskland ville likevel vunne gruppa, ettersom dei er best på fair play-statistikken. Den er avgjerande når lag står likt i både poeng, innbyrdes oppgjer, målforskjel og scoringar.
Forspelet til kampen i Marseille var lite lystig. Tusenvis av polske supporterar samla seg i dei smale gatene i det gamle hamnekvarteret. Det kom til slåstkampar, og politiet måtte gripe inn med tåregass og pepparspray. Fire personar vart pågripne.