– Han klaga og kjefta, men det prellar berre av. Det var ganske ampert i målområdet, men Riessle har ingenting å klage på, sa Jørgen Graabak om hendinga i går.
VG meldte tidlegare idag at orda Riessle slengte i retning Graabak var «din vesle horeson». Videoen over viser at det faktisk var dei orda tyskaren slengde i retning nordmannen. Den austerriske TV-kanalen ORF plukka det opp med sine mikrofonar.
– Din vesle horeson, sa Riessle til Graabak på tysk.
Grunnen til at Riessle vart rasande skjedde med om lag 50 meter att til mål. Tyskaren var på veg opp og forbi Graabak og hadde høgare fart, men så fekk han nordmannen sin stav inn i skia si og ramla. Begge lag leverte protest, men dei vart avvist. Med det vann Norge gårsdagens lagkonkurranse.
- Les også:
- Les også:
Norge vs Tyskland, del 2
No har kampen mellom Norge og Tyskland blitt reine krigen.
I dagens individuelle konkurranse hamna nok ein gong ein nordmann og ein tyskar i fokus. I den siste bakken før oppløpet rykka Magnus Krog seg forbi verdscupvinnar Eric Frenzel, og skar inn rett framfor tyskaren.
Krog kryssa mållinja først, og trudde han vann rennet. Heilt til ein tysk protest gjorde at han vart diska.
– Eg ville først inn på oppløpet og følte at eg var langt nok forbi han til å gå inn framfor, men det var eg tydelegvis ikkje, seier ein skuffa Krog til NRK.
Frenzel syns det var fair
Etter målgang overhøyrde Krog eit intervju Frenzel gav til tysk TV.
– Eg kan litt tysk og oppfatta at han sa at det var litt action på slutten, men at han opplevde at eg var sterkast og fortente sigeren, seier Krog.
Men det tyske støtteapparatet ville det annleis. Dei leverte likevel protest og med det vart Krog diska, og Frenzel vann rennet.
– Eg snakka med Frenzel etterpå og han sa at det ikkje var han som leverte inn protesten. Han syns det var leit at det vart slik, seier Krog.
Med unntak av Bernhard Grubers siger i Val di Fiemme førre helg har alle kombinertrenn denne sesongen enda med anten norsk eller tysk siger. I morgon er det klart for årets siste renn for sesongen, som kan ende i endå ein norsk-tysk duell.