Hansen og resten av det norske laget vann verdscuprennet i Val di Fiemme fredag.
Men då Hansen gjorde Noreg sitt siste hopp for dagen var ikkje alt i orden.
TV-bileta frå Italia viste at bindinga var open, og at skia ikkje var ordentleg festa då ankerkvinna sette utfor.
– Det bør helst ikkje skje, men det skal litt til for at skia fell av. Hadde det vore litt skumle forhold, kunne det ha gått «gæli», seier Gyda Westvold Hansen til NRK.
– Det er ganske skummelt. Den einaste måten at skia ikkje «går» er at klipsen bak i skoa låser systemet. Det kunne fort ha gått «gæli», seier Viaplay sin ekspert Magnus Moan.
Visste ikkje at den var open
Hansen landa på 98,5 meter, og tok Noreg opp frå tredje- til førsteplass i konkurransen. Då ho sette seg i målområdet etter hoppet kom sportssjef Ivar Stuan bort og lurte på kva som hadde skjedd.
– Eg skjønte det litt for seint. Ivar kom bort og lurte på kva eg dreiv med, seier Hansen.
– Eg veit ikkje kva som skjedde. Skia er hjå servicemannen no, og han ser over og ser kva som skjedd. Vi går ut frå at det har skjedd på hoppet, det er ganske «risky» viss den fell av. Vi var litt redde då vi såg bileta, men heldigvis gjekk det bra, seier Stuan til NRK.
Allereie på bommen var bindinga oppe, så skia var ikkje godt nok festa då ho sette utfor.
– Alt er i orden med bindinga, konstaterer Stuan på telefon til NRK, medan han samstundes snakkar med servicemannen.
Det norske laget var i godt humør då dei snakka med NRK frå Val di Fiemme i Italia, sjølv om det kunne ha gått ordentleg gale for Noreg sin siste hoppar i konkurransen.
– I Holmenkollen for tre–fire år sidan gjorde Maren Lundby det same. Ho gjorde eit bra hopp. Så for å kline ekstra til, gjorde eg det same i dag. Kanskje eg skal halde fram med det, seier Gyda Westvold Hansen og ler.
– Det er sikkert bra temperatur på bommen, det kokar litt der, seier Stuan.
Historisk renn
Dette er første gong det blir arrangert blanda lagkonkurranse i kombinert. Øvinga står på VM-programmet neste år.
– Gyda var stjerna på laget, seier Jørgen Graabak, Noregs ankermann, i eit intervju etter rennet.
Noreg vann konkurransen 10,5 sekund framfor Austerrike. Tyskland vart nummer tre.
Ivar Stuan var godt fornøgd med at alt gjekk bra trass open binding, og at Noreg er i leiinga etter hoppinga.
– Vi vil gjerne vise dette fram med vårt beste lag. Men dei beste er ikkje med, tyskarane kunne stilt sterkare lag. Det er ikkje noko vi kan gjere noko med, men dette er historias første og vi legg alt i det. I VM neste år skal vi bli endå betre, seier Stuan.
Noreg går først ut i langrennet, tre sekund føre Austerrike. Japan er 14 sekund bak.
– Planen er å gå fort, og vi har gode moglegheiter. Det blir artig, seier Hansen til NRK.