NRK Meny
Normal

Endeleg norsk Tour-siger

Edvald Boasson Hagen vann den fjerde etappen i Tour of Norway. Men det var etter at ein hund heldt på å øydelegge dagen for hovudfeltet.

Edvald Boasson Hagen

BOASSON VANN: Så var det Edvald Boasson hagens tur. Han var best i spurten og vann dagens etappe

Foto: KENZO TRIBOUILLARD / Afp

Edvald Boasson Hagen vann etappen, etter å ha slått Sondre Holst Enger i spurten.

– Eg nølte litt, og Edvald kom i full fart. Derfor måtte eg tette luke først, og deretter prøve å spurte forbi. De rakk eg ikkje, sa ein skuffa Enger til NRK.

– Har du rista det av deg no?

– Nei, ikkje heilt. Men eg skal prøve igjen i morgon, seier Enger.

Hunden ville leike

Bikkje i sykkelfeltet

VILLE VERE MED Å LEIKE: Her spring hunden ut i vegen rett framfor hovudfeltet. Heldigvis gjekk det bra. (Bilete med løyve frå TV 2)

Foto: TV 2

Før det var det ein hund som stod for det mest dramatiske innslaget.

Hunden ville så gjerne vere med å leike med hovudfeltet i Tour of Norway. Det gjekk nesten gale.Fire mil før mål på Eggemoen sprang hunden ut i vegen rett framfor feltet. Bileta frå overføringa i TV 2 viser hunden som blir borte inne i feltet, og ryttarar som gjer sitt beste for å kome unna.

Fleire av syklistane måtte nærmast stanse for å svinge unna.

Uruguays Febricio Ferrari Barceloa måtte i asfalten og fekk øydelagt etappen. Han låg på niandeplass før dagens etappe.

Hunden blir heilt borte blant sykkelhjula, og er heilt klart i livsfare.

Men nokre sekund etterpå ser vi hunden pile i full fart vekk frå syklistane.

Tour of Norway blir avslutta i morgon med etappen frå Drøbak til Sarpsborg. Før den avsluttande etappen leier nederlandske Pieter Weening med 39 sekund på Sondre Holst Enger i samandraget.

Resultat:

4. etappe, 174 km Flå – Eggemoen:

1) Edvald Boasson Hagen, Norge (Dimension Data) 4.16,17, 2) Sondre Holst Enger, Norge (landslag) samme tid, 3) Paul Martens, Tyskland (Lotto-Jumbo) s.t., 4) Michael Schwarzmann, Tyskland (Bora-Argon) s.t., 5) Marco Marcato, Italia (Wanty) s.t., 6) Odd Christian Eiking, Norge (landslag) s.t., 7) Marco Minnaard, Nederland (Wanty) s.t., 8) Sander Armee, Belgia (Lotto Soudal) s.t., 9) August Jensen, Norge (Coop-Østerhus) s.t., 10) Carl Fredrik Hagen, Norge (Sparebanken Sør) s.t.

Sammenlagt:

1) Pieter Weening, Nederland (Roompot) 18.17.54, 2) Enger 0.39 min. bak, 3) Boasson Hagen 0.43, 4) Eiking 0.55, 5) Armee 0.57, 6) Jose Joao Pimenta, Portugal (Bora-Argon) 0.59, 7) Minnaard 1.02, 8) Eliot Lietaer, Belgia (Vlaanderen) 1.19, 9) Pello Bilbao, Spania (Caja Rural) 1.30, 10) Martens 1.34.

Siste nytt

  • Ajeti-mål i Allsvenskan

    Bajram Ajeti scoret for Brommapojkarna da de tapte 1–3 mot Malmö FF i et oppgjør i Allsvenskan mandag. Det er nordmannens andre mål denne sesongen.

    Ajetis lag ligger nest sist etter én seier på de fem første kampene.

    Bajram Ajeti
    Foto: Lillestrøm Sportsklubb
  • Seriemeister etter anke-avslag

    AEK er gresk seriemeister etter at PAOK i dag tapte anken etter banestorminga i mars.

    PAOK blei trekt 3 poeng etter at klubbeigaren demonstrerte mot ei dommaravgjerd ved å storme bana med ein pistol.

    No blir poengstraffa ståande, og AEK har 8 poengs leiing på PAOK med to kampar att.

    Ivan Savvides, PAOK-eier
    Foto: HANDOUT / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal