Noreg leia kvartfinalen mot Italia, men tapte til slutt med 3–1.
– Det var litt kjipt, sa ein skuffa landslagstrenar Christian Mitter til NRK.
– Med OL-bronse frå i fjor, forventar ein vel å kome på pallen kvar gong. Men det går ikkje.
Mest uheldig var Sebastian Foss-Solevåg som mista skia og måtte bryte. Dermed utlikna Italia leiinga som Thea Stjernesund hadde skaffa det norske laget.
– Vi fekk iallfall ein god start, trøysta Mitter seg med.
– Det er slikt som ikkje skal skje. Det er bittert, sa Solevaag. Han var bitter fordi skia losna.
– Det slår litt, og plutseleg blir skia borte. Det er ein jobb for nokon andre.
– Nokon du ikkje vil henge ut akkurat no?
– Nei, det er for tidleg.
Verre blei det då Kristin Lysdahl tapte for Lara della Mea med 37 hundredelar.
Og då Leif Kristian Nestvold-Haugen kom to hundredelar for seint i kampen mot Simon Maurberger, var det køyrt. Noreg tapte 3–1 og blei slått ut i kvartfinalen.
– Dette var kjedeleg. Vi har eit godt lag, og Thea gjer ein kjempeinnsats med siger i raud løype, sa Haugen etter at tapet var klart.
Haugen: – Måtte ta sjansar
Sjølv visste han at han hadde ein vanskeleg jobb.
– Maurberger er i form, og eg måtte ta han med nesten fire tidelar. Eg måtte sjanse litt, sa Haugen, som blei slått med to hundredelar av italienaren.
Stjernesund blei dermed einaste norske duellvinnar i kvartfinalen, og det var ho godt nøgd med.
– Eg kunne kanskje vunne litt klarare, men det var godt å få det til i første løpet og bli kvitt nervane, sa meisterskapsdebutanten.
I åttedelsfinalen gjorde Noreg kort prosess med Tsjekkia og vann alle fire duellane. Thea Stjernesund opna med å knuse Gabriela Capova med 1,21 sekund, og Sebastian Foss-Solevaag fekk det endå lettare fordi Jan Zabystran blei diska.
Kristin Lysdahl og Leif Kristian Nestvold-Haugen hadde meir jambyrdige motstandarar, men begge vann og fullførte utklassinga.
Sveitsisk gull - svensk vonbrot
Gullet gjekk til Sveits, som slo naboen Austerrike i finalen. Ramon Zehnhäusern avgjorde med ein knusande siger over Marco Schwarz i siste duell. Dermed 2-2, men Sveits vann på tid.
På det sveitsiske laget vae Wendy Holdener, som dermed blei VMs første dobbelvinnar. Ho vann også kombinasjonen fredag.
Italia tok bronse med 3-1 over Tyskland.
For Sverige var vonbrotet kanskje endå større. På heimebane hadde dei teke mål av seg til gull, men også svenskane måtte seie takk for seg i kvartfinalen. Ramon Zehnhäusern knuste Andre Myhrer i fjerde duell og sende heimhåpet ut.