– Det var eit fint mål. Vi må alltid vere klare utanfor boksen for slike situasjonar, enten for å skyte eller hindre kontringar. Denne gongen gjaldt det å skyte, sa Fernandes til Sky Sports.
For tre veker sidan blei Ole Gunnar Solskjær og Manchester United utskjelte etter tapet for Istanbul Basaksehir. Tysdag kveld tok dei ein knallhard revansje, mykje takket vere Fernandes.
Etter kampen vart han fortalt av MUTV at ingen midtbanespelarar i klubbens historie har nådd 20 mål på så få kampar som han.
– Straffar hjelpar, svarte Fernandes med eit stort smil, før han la til:
– Det er det alle vil seie.
Mannen som kom Manchester United i vintervindauget står no med 21 mål på 35 kampar, og ni av dei har komme på straffespark.
Pangopning
Det tok berre sju minutt før United viste kva dei ville. Og det gjorde dei på vakraste vis.
Alex Telles la hjørnespark frå venstre, forsvaret fekk berre halvklarert, og der stod Fernandes like utanfor 16-meteren. Han let ballen sprette, så smelte han til, og prosjektilet fauk inn i hjørnet.
– Dette treffet ser du sjeldan på ei fotballbane, sa ein imponert Erik Thorstvedt i TV 2-studio.
Det kunne stått 2–0 fem minutt etterpå, men Marcus Rashfords nettkjenning blei underkjent for ein hårfin offside.
Fernandes fekk det lettare då han dobla leiinga. Basaksehir-forsvaret surra fælt, keeper fekk ikkje kontroll over ballen, og Fernandes kunne enkelt legge inn 2–0.
«Gav vekk» hattrick
3–0 kom på straffe. Marcus Rashford blei hindra av Boli Bolingoli-Mbombo, og tok straffa sjølv. Rashford venta ut keeper og plasserte ballen tilsynelatande lett heilt nede og inne ved stolpen. Hans 75. mål for United.
Fleire undra seg på kvifor Rashford tok straffa når Fernandes kunne sikre seg hattrick.
– Sjølvsagt ønskjer alle seg hattrick. Men etter førre kamp i Premier League sa eg at han kunne få ta neste straffe. Eg bryr meg ikkje om kven som tek straffene så lenge vi scorar, sa Fernandes.
Kampen var avgjort ved pause. United skrudde ned intensiteten, og let tyrkarane sleppe til litt meir. Nokså mykje på slutten, faktisk.
Sterk Istanbul-spurt
Denis Turuc reduserte på eit frispark frå 25 meter. United-keeper David de Gea hadde hendene på skotet, men kunne ikkje hindre ballen i å passere målstreken.
Fem minutt seinare var det nesten 3–2 då Istanbul-kaptein Edin Visca smelte ballen i tverrliggaren.
Ole Gunnar Solskjær bytte inn den rutinerte forsvarsspelaren Nemanja Matic mot slutten for å sikre sigeren.
United kontra ved Mason Greenwood, og Daniel James kunne setje inn 4–1 på overtid, i eit angrep der tre av innbytarane var involverte.
Fredrik Gulbrandsen starta kampen på Istanbuls benk, men fekk spele den siste halvtimen.
Dette er scoringane (videoar med løyve frå TV 2):
1-0 ved Bruno Fernandes:
2-0, Fernandes:
3-0, straffe ved Marcus Rashford:
3-1, Deniz Turuc:
4-1, Daniel James