Her er måltørken over for Haaland: – Det fell så mange kilo av skuldrene.

Det måtte eit straffespark til for at den månadslange måltørken til Erling Braut Haaland skulle ta slutt. Men då losna det også.

Football: Bundesliga - day 29: Borussia Dortmund v Werder Bremen

MÅLTØRKE: Etter sju kampar utan mål losna det endeleg for Erling Braut Haaland.

Foto: Leon Kuegeler / AFP

– Det er ein god følelse og ein viktig siger. Det har vore drit, men nå er det nullstilt. Men eg bryr meg ikkje så mykje om det, svarar Haaland i eit intervju etter kampen som vart sendt på Viasport.

Han er likevel glad for at laget og han sjølv i dag klarar å snu kampen og ta eit steg nærare den viktige fjerdeplassen i Bundesliga som gir meisterligaspel. Den store feiringa blir det likevel ikkje rom for.

– Det er ny kamp om tre dagar så eg må ta det roleg, svarar 20-åringen.

Football: Bundesliga - day 29: Borussia Dortmund v Werder Bremen

FEIRE: 20-åringen kan feire at ein månad utan mål er over. Her har han snudd kampen for heimelaget.

Foto: Leon Kuegeler / AFP

Ekspertane i Viasport-studio som følte kampane er derimot meir sikre på at det var viktig for Haaland å få slutt på måltørken.

– For ein som har hatt så mykje press - det er ein lettelse. No kan han sleppe bruke minuttar på tysk presse, norsk presse og verdspressa, seier Jan Aage Fjørtoft til Viasport.

– Det fell så mange kilo av skuldrene, legg han til.

– Minst 100 kilo bort, supplerer Rune Bratseth.

Den unge amerikanaren Giovanni Reyna som også kunne notere seg for mål i dag var glad på nordmannen sine vegne.

– Det var berre spørsmål om tid. Eg er trygg på at han kjem til å score meir mål i resten av sesongen.

Utan mål på sju kampar

Før oppgjeret mot Werder Bremen har Haaland gått mållaus av bana i sju kampar for klubb- og landslag. Sist han nådde nettmaskene var mot Köln 20. mars. Då putta han to mål.

Det er jærbuen si lengste måltørke sidan han vart profesjonell i Molde.

Men i Bundesligakampen mot Werder Bremen var det endeleg slutt.

34 minutt får heimelaget straffe og ein tydleg konsentrert jærbu tar plass ved 11-meteren. Her synte han at gamle kunster langt frå er gløymt. Han set ballen kontant i mål, medan Jirí Pavlenga slenger seg til motsett side.

– Her er Erling Braut Haaland nervøst. Presset er stort. Sju kampar er ein evigheit for ein ung mann, slår Fjørtoft fast.

Bundesliga - Borussia Dortmund v Werder Bremen

STRAFFE: 34 minutt ut i kampen var den sju kampar lange måltørken til Erling Braut Haaland over, men det måtte eit straffespark til.

Foto: Leon Kuegeler / Reuters

Og då losna det tydelegvis for nordmannen.

Fire minutt seinare får han stå heilt aleine inne i feltet og kan enkelt sette sitt andre for dagen. Ballen blir servert av Reyena, via to andre spelarar, før han når breisida til Haaland.

I det 83 minutt stuper Haaland fram og headar inn sitt tredje for dagen, men blir heilt riktig blåst for offside.

– Det har tatt litt lengre tid enn forventa. Sju kampar er lang tid. At det kom til å losne var vi trygge på. At det starta med eit straffespark er gunstig. Man ser at han får mykje energi av det. Vi såg at han hadde veldig lyst på eit hattrick i dag, seier Bratseth i Viasport-studio etter kampen.

Nordmannen står no med totalt 23 mål i serien og totalt 51 mål.

Sjokkopning frå gjestane

Gjestane frå Bremen sjokkopna og Milot Rashica sørga for 1-0 alt før kvarteret var gått. Han blir spelt gjennom aleine med keeper og kan sette ballen i mål like ved foten til Marwin Hitz i Dortmund-målet.

Bundesliga - Borussia Dortmund v Werder Bremen

SIGER: To mål frå Haaland var med på å sikre at Dortmund vinn kampen mot Werder Bremen 4-1.

Foto: Leon Kuegeler / Reuters

Utlikninga kjem etter 28 minutt. Giovanni Reyna får servert ein perfekt ball av Mateu Morey og hamrar den inn i krysset frå vel 20 meter.

Før dei to kjappa Haaland måla snur kampen og heimelaget går til pause med 3-1.

Heimelaget hadde full kontroll og fleire mogelegheiter til auke leiinga i 2.omgang, men det losna først tre minutt før full tid. Mats Hummels parkerer kampen som endar 4-1.

Med tre poeng i dag klatrar Borussia Dortmund opp frå sjette til femte plass på tabellen og er fire poeng unna den viktige fjerdeplassen som gir meisterligaspel.

Dortmund spelte elles i ei spesiallaga drakt i dag, som er inspirert av den dei brukte då dei vann meisterligaen i 1990. Den klassiske heilgule drakta var bytta ut med svart og gule armar.

Siste nytt

  • Negative tester i Odd

    Mandag fikk Odd svar på koronatestene som ble tatt etter at en spiller testet positivt i forkant av seriepremieren mot Sandefjord. Alle de andre spillerne og støtteapparatet hadde negative prøvesvar, opplyser klubben på egne nettsider. Spillerne er fortsatt likevel i karantene og klubben vet ikke om de kan spille kampen mot Stabæk den 16. mai.

    Teningskamp i fotball 2021: Sarpsborg 08 - Odd
    Foto: Christoffer Andersen / NTB
  • Reginiussen legger opp

    Forsvarsspiller Tore Reginussen (35) annonserer på sin Instagram-konto at han legger fotballskoene på hylla etter denne sesongen. Etter å ha spilt i Rosenborg siden 2012, signerte han for den tyske klubben FC St. Pauli i januar. Siste seriekamp er 23. mai.

    – Det har vært en utrolig reise, med endeløse høydepunkter og opplevelser, skriver han.

    Reginiussen har 31 landskamper og ble blant annet kåret til årets spiller i eliteserien i 2017.

    – Tiden er inne for å ta fatt på et nytt kapittel i livet mitt.

Sendeplan

Kl. Program Kanal