Den pikante saka engasjerer heile Sør-Amerika. Castillo har spelt fleire kampar for Ecuadors landslag i kvalifiseringa. Castillo bidrog til at Ecuador kapra den siste plassen i VM.
Denne veka presenterte advokat Eduardo Carlezzo eit viktig bevis.
Carlezzo er advokat for det chilenske fotballforbundet, og synte fram Castillos fødselsattest. Der står det at spelaren er fødd i Colombia. Han har difor ikkje lov til å representere Ecuador.
– Vi har levert alle testane og spelaren er colombiansk. Men VM er like rundt hjørnet og ingenting har skjedd, seier Carlezzo ifølgje colombianske El Tiempo.
Klaga i mai
Det er ein månad sidan det chilenske fotballforbundet klaga inn saka. Dei meiner Byron Castillo er fødde i Colombia i 1995, ikkje i Ecuador i 1995.
– Dette er alvorleg og må undersøkjast grundig, skreiv forbundet i ei fråsegn.
– Fotballen kan ikkje stå og sjå på dette. Praksisen med alvorlege og medvitne regelbrot kan ikkje aksepterast, særleg ikkje når det er snakk om VM. Det må vere rettferdig spel på og utanfor banen, skreiv dei i ei fråsegn publisert på eigen nettstad.
Det internasjonale fotballforbundet uttalte seg like etter. Dei sende saka til disiplinærkomiteen sin og bad om forklaring både frå forbundet i Peru og Ecuador. Dei har seinare opna etterforsking i saka.
Medan Chile har jobba hardt for å få Ecuador kasta ut av VM, har det vore overraskande tyst frå motparten. Dei er trygge på at reglane er følgde og at dei skal til VM i Qatar.
– Fifa har ikkje myndigheit til å avgjere nasjonaliteten til ein spelar, det blir avgjort av lokale styresmakter. Ecuadorianske styresmakter har slått fast at spelaren kan registrerast for Ecuador, seier president Fransisco Egas.
– Vi er trygge på at vi har følgt reglane, slår han fast.
– Eit brotsverk
Årsaka til det kraftige engasjementet i Chile er at dei hamna på plassen bak Ecuador i VM-kvalifiseringa.
Viss dei får medhald i saka, håpar dei å overta Ecuadors plass i verdsmeisterskapen.
– Vi kan ikkje akseptere at forbundet aksepterer eit slikt brotsverk. Dei fortener den hardaste sanksjonen frå Fifa, seier advokat Eduardo Carlezzo.
Fifa har eit strengt regelverk for representasjon og skifte av landslag. Mellom anna kan du maksimalt ha spelt tre A-landskampar for ein nasjon viss du skal skifte landslag.
Samstundes må ein spelar ha dobbelt, fleire eller «felles» statsborgarskap på det tidspunktet spelaren først var på bana i ei offisiell turnering.
Det er venta at Fifa kjem med ei avgjerd i saka fredag 10. juni, men advokat Carlezzo har allereie varsla at dei kjem til å anke saka heilt til høgaste instans, Idrettens Voldsgiftrett (CAS).