Her enda verdscupdebuten for Tandrevold

Verdscupdebut på seniornivå, sine første verdscuppoeng og innlegging på sjukehus. Det vart ei innholdsrik helg for Ingrid Landmark Tandrevold.

Ingrid Landmark Tandrevold

SJUKEHUSET: Ingrid Landmark Tandrevold fekk testa ut forholda på sjukehuset i Khanty-Mansijsk.

Foto: Privat

– Ikke bare WC jeg fikk debutere i denne helgen! Det russiske helsesystemet funka bra da en akutt blindtarmbetennelse meldte sin ankomst tre timer før hjemreise, melde 19-åringen på sin Instagram-profil måndag ettermiddag.

For første gong skulle Tandrevold få prøva seg mot verdseliten i verdscupavslutningar i Khanty-Mansijsk. Det vart ei meir innhaldsrik helg enn 19-åringen hadde sett for seg på førehand.

Nådde det siste charterflyet

Først gjekk ho seg inn til 29-.plass på sprinten på torsdag og med det sikra ho seg sine første verdscuppoeng. Jakstarten enda med ein 37.-plass. Søndagens fellesstart blåste vekk, men den var 19-åringen uansett ikkje kvalifisert til.

Problema starta søndag kveld.

– Eg vart veldig dårleg i magen i går kveld, så då kom det ein ambulanse å henta meg og køyrde meg rett på sjukehuset. Der viste prøvane at det var blindtarmbetennelse og eg fekk antibiotika, seier Tandrevold til NRK.

Blindtarmen hadde ikkje sprekt og då slapp ho å operere i Russland. Då NRK snakka med ho måndag ettermiddag, satt ho på flyplassen i München og venta på flyet heim.

– Sidan eg måtte på sjukehuset nådde eg ikkje det flyet som gjekk rett til Oslo, men vi nådde akkurat det siste charterflyet som gjekk direkte til Munchen.

– Vi reiste frå sjukehuset då det var 18 minutt til flyet gjekk, så dei venta litt på oss, seier Tandrevold.

For om dei ikkje hadde nådd det flyet, ville det blitt ei lang heimreise.

– Eg har ikkje rekna på det, men det hadde tatt bortimot to døgn å reise heim om vi ikkje hadde kome oss med det flyet, seier ho.

Lagvenninne pakka baggen

I helga delte Tandrevold rom med Kaia Wøien Nicolaisen og det var sistnemnde som måtte pakke baggen til 19-åringen.

– Kaia pakka baggen min og fekk den sendt til sjukehuset. Eg tenkte sånn at her kjem minstemann og berre skaper styr, men eg fekk no testa ut at støtteapparatet fungerar bra, seier 19-åringen og ler.

Om ho må gjennom ein operasjon veit ho ikkje før ho har gjort nye undersøkingar i Norge.

– Når det først skulle skje så var det jo best mogeleg timing. Eg fekk gått to renn i Russland og sesongen er jo over no, seier ho.

Og no er 19-åringen topp motivert på å ta fatt på ein ny sesong.

– Eg er passe godt nøgd med renna i helga, men no er eg berre keen på å komme meg heim og bli dritgod. Eg skal trene knallhardt før neste sesong, seier Tandrevold.

Siste nytt

  • Elyounoussi scoret to

    Tarik Elyounoussi scoret et mål i hver omgang da AIK slo Falkenberg 2-0 i Allsvenskan i fotball mandag kveld, melder NTB. Med totalt åtte scoringer så langt i år er nordmannen toppscorer i Sverige.

    Tarik
    Foto: Nils Petter Nilsson / NTB scanpix
  • Sverige til kvartfinale

    Det ble dramatisk da Sverige slo Latvia 5-4 og tok seg til kvartfinale i ishockey-VM. Storfavorittene avgjorde nemlig ikke før 30 sekunder gjensto. Da satte Dennis Rasmussen inn den avgjørende scoringen i åpent mål.

    X00829
    Foto: VASILY FEDOSENKO / Reuters
  • Hegerberg i årets mesterligatropp

    Ada Hegerberg (23) er tatt ut i årets mesterligatropp av Det europeiske fotballforbundet (UEFA), melder NTB. Til sammen har UEFAs tekniske observatører nominert to keepere og 15 utespillere i troppen.

    De nominerte spillerne:

    Keepere: Sandra Paños (Barcelona), Sarah Bouhaddi (Lyon).

    Backer: Millie Bright (Chelsea), Amel Majri (Lyon), Wendie Renard (Lyon), Irene Paredes (Paris Saint-Germain), Lucy Bronze (Lyon), Griedge M'Bock Bathy (Lyon).

    Midtbanespillere: Vicky Losada (Barcelona), Melanie Leupolz (Bayern München), Amandine Henry (Lyon), Dzsenifer Marozsán (Lyon), Alexia Putellas (Barcelona).

    Spisser: Erin Cuthbert (Chelsea), Ada Hegerberg (Lyon), Eugénie Le Sommer (Lyon), Pernille Harder (Wolfsburg), Karen Carney (Chelsea).

    X02762
    Foto: LISI NIESNER / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal