– Det er ein enorm sjanse, seier NRKs fotballekspert, Lise Klaveness.
Med under fem minutt av kampen, på stillinga 1–0 til Sveits, kunne Shkelzen Gashi sikra seg heltestatus i heimlandet.
Heile det sveitsiske forsvaret stod og ropte på offside, medan Gashi kom aleine gjennom med keeper. Han skulle berre plassera ballen i målet bak keeper, men Yann Sommer i det sveitsiske målet varta opp med ein kjemperedning (sjå video).
Albania er EM-debutantar, og Gashi kunne ha sikra poeng på første forsøk, om han hadde sett ballen i mål.
HOLD DEG OPPDATERT UNDER EM: Kampoppsett og resultat
Sveitsisk draumeopning
Sveits fekk ein draumestart på meisterskapen, då midtstoppar Fabian Schär stonga inn leiarmålet allereie før det var gått fem minutt. Den albanske keeperen, Etrit Berisha, var ute på halvdistanse, og hadde ikkje sjanse til å stoppe headinga.
– Sveits starta bra og lagde fleire sjansar dei første minutta, men etter scoringa slepte dei seg nedpå. Då kom Albania meir med i kampen, seier NRKs ekspertkommentator, Tom Nordlie.
Trass i at Albania spelte heile andre omgang med ti mann, skapte dei nok sjansar til å ta med seg eit poeng. Dette som følgje av at Sveits, med Haris Seferovic i spissen, aldri klarte å sette alle dei store sjansane dei skapte.
– Trist for kampen
Albanias sitt håp om poeng fekk seg ein solid knekkar i første omgang, då kaptein og midtstoppar, Lorik Cana, vart utvist. Han gjekk i bakken etter ein løpsduell, og i desperasjon slo han vekk ballen med handa. Det fekk dommaren med seg, og Cana fekk med det sitt andre gule kort og marsjordre.
– Trist for kampen, seier NRKs kommentator, Christian Nilssen.
Historiske brør
Kampen var Albanias første i eit EM-sluttspel nokon gong, og for første gong stod to brør på kvar sin banehalvdel i eit europameisterskap.
Taulant (Albania) og Granit Xhaka (Sveits) var i startoppstillinga for kvart sitt land, og det var god stemning mellom dei før kampstart.
Sist gong to brør stod på kvar sin banehalvdel i eit meisterskap var i VM i 2010 og 2014. Då møttest Jerome (Tyskland) og Kevin-Prince Boateng (Ghana) i gruppespelet i begge meisterskapa.