Måndag kveld skulle journalisten Jon Pagh lage eit TV-innslag til danske TV 2 før Danmark møter Tunisia i første kamp tysdag.
Pagh hadde fått låne eit «OneLove»-armbind frå direktøren i det danske fotballforbundet, Peter Møller – det same som Danmarks kaptein Simon Kjær brukte mot Kroatia tidlegare i år – og ville bruke det for å illustrere kva hovudtemaet var i Qatar måndag.
Då blei Pagh stoppa av politibetjentar.
– Eg vart eigentleg heilt sjokkert. Å stå i det var ubehageleg, seier Pagh til NRK etter at hendinga fann stad.
Han er skaka over situasjonen, og lurer på kva som kunne ha skjedd om han ikkje drog derifrå.
Ikkje opplevd før
Hotellet låg ute i ørkenen, omtrent ein halvtime frå Doha sentrum, og det var berre Pagh og fotografen til stade i lag med fem politibetjentar.
Pagh stilte seg opp framfor kameraet med armbindet på, og det tok ikkje lange tida før to politibetjentar kom og stilte seg bak fotografen, og byrja å peike på Pagh.
Deretter fekk han beskjed om at han måtte komme bort, og journalisten skjønte etter kvart at det var armbindet som skapte trøbbel.
– Dei startar med å seie velkommen til Qatar og at han respekterer meg og der eg kjem frå, men at eg skal ta armbindet av, fortel Pagh.
– Så spør eg «skal eg ta armbindet av»? Det var tydeleg at han gjerne ville seie det respektfullt, at det ikkje er tillate å ha på i Qatar og at eg derfor måtte ta det av. Som danske, eller som europearar, er det sjokkerande å oppleve. Og eg veit jo godt kvifor, det er jo fordi det er eit teikn på homoseksualitet, seier han.
Frykta større reaksjon
Pagh nekta å ta av seg armbindet.
– Det enda med at han oppfatta at eg ikkje hadde tenkt å ta det av, og då sa han til meg at han skulle finne ein anna løysning på det, og gjekk vekk.
Etter at Pagh og fotografen var ferdig med opptaket, prøvde Pagh å kome i kontakt med politibetjenten som bad han om å ta det av.
– Så eg spurde kvar han var, og då sa dei at det var sjefen deira og at han hadde gått for å hente nokre andre. Då kunne eg også sjå på lang avstand at han kom gåande saman med ein flokk av menn i kvite kjolar. Då tenkte eg at eg heller ville vekk derfrå og inn til Doha, framfor å stå der og diskutere med dei eller kva dei elles hadde tenkt til å gjere, seier Pagh.
– Frykta de at situasjonen skulle eskalere?
– Eg vil ikkje overdramatisere det, men eg hadde ingen behov for at situasjonen skulle utvikle seg. Vi har prøvd å møte dei lokale med så mykje respekt som mogleg, og har også opplevd respekt motsett veg. På den måten var det litt sjokkerande å oppleve at det var eit bittelite regnbogeflagg som skulle til for at vi fekk ein slik oppleving, seier Pagh.
Usikker på bruken vidare
– Korleis prega den hendinga deg?
– Det får meg til å tenke meg litt ekstra på at vi ikkje må bli for avslappa her nede. Eg blei litt for sikker på at alt er som heime, og det er det tydelegvis ikkje. Det fekk vi eit klart bevis på i kveld, seier han.
Han understrekar at han normalt ikkje tykkjer at journalistar skal utøve aktivisme, og han hadde ingen intensjon om å lage bråk.
– Det siste eg vil er å provosere fram situasjonen, men eg tykte det var relevant å vise fram armbindet. Eg har ikkje i min villaste fantasi trudd at dei ville oppdage det, og eg hadde heller ikkje ofra ei tanke om at dei ville kome bort og be meg om å ta det av, seier han.
– Kjem du til å bruke armbindet igjen?
– Det veit eg ikkje. Personleg vil eg ikkje ha noko imot det, men det er noko eg må diskutere med redaktøren min og kollegaer. Vi tek med armbindet til kamp i morgon, men eg vil jo gjerne ønske at det er det danske landslaget som har det på, og ikkje eg, seier han.
NRK har prøvd å kome i kontakt med VM-komiteen, men har førebels ikkje lykkast i å få svar.