– Kva skal eg sei? Eg var ikkje heilt sikker på om kroppen var så bra som eg trudde. Det var litt tung å kome i gang. Etter kvart fant eg ein fin rytme. Ganske vondt i tåa under vegs. Kan sjå at eg spring på hælen. Så får sjå kva legen seier. Det blir vel rett i isbad, sa ein veldig nøgd Henrik til NRK.
Og Filip var ikkje mindre nøgd med å sikra seg finaleplass saman med Henrik
– Synst det ser bra ut. God form. Tre av tre. Bra norsk dag, sa Filip rett etter løpet.
Sprang veldig lett
Dei to brørne la seg bak i dei første rundane, men etter 3000 meter fekk Filip opp farten og la seg i tetgruppa i front. Han hadde full kontroll og sprang trygt inn til finaleplass. Henrik Ingebrigtsen tok seg vidar til finalen på tid, med sjuande beste tid, 13.21.22.
Filip sprang inn til 3.-plass på tida 13.20.45.
– Han jogga jo. Det ser så lett ut der han spring, sa NRK sin ekspert Jann Post.
Henrik Ingebrigtsen, som har hatt ein trøblete opplading, avslørte dagen før VM-løpet at han slit med ei vond tå. Difor hadde 28-åringen også dempa forventningar til VM.
Etter å ha sikra seg finaleplass var han svært letta.
– Topp ti hadde vore sjukt kult. Akkurat no kjempefornøgd med å vere i finalen. Har innfridd eigne forventingar. Alt etter dette er bonus, sa Henrik etter å ha sikre seg finalebilletten.
Jakob Ingebrigtsen hamna i trøbbel på den siste runden, men 19-åringen spurta inn til finaleplass. Men vart seinare diska.
– Det er helt sjukt. Tre stykk i VM-finalen. Det hadde eg ikkje trudd, sa han før det vart klart at han vart diska.
Varmen var også eit stort spaningsmoment før forsøket. Ein knapp time tidlegare sleit nemleg Karoline Bjerkeli Grøvdal stort med varmen, men 29-åringen tok seg vidare med eit nødskrik.