– Eg høyrde det knasa inne i ankelen. Då eg landa, var ankelen litt skeiv, og eg landa med ein del kraft, fortalde Kristoffersen like etter at han skadd seg på turntrening måndag.
NRK var til stade på treninga på Jessheim då uhellet var ute. Alpinisten var til MR-undersøking tysdag og fekk oppløftande svar onsdag ettermiddag.
– Det er snakk om nokon strekte band på utsida av ankelen. Det er bra det ikkje var noko verre og at ikkje noko var roke, seier faren hans Lars Kristoffersen til NRK.
VONDT: Slik såg Kristoffersens ankel ut etter uhellet.
– Smertene er vesentleg mindre
Dermed blir det litt mindre beintrening dei neste 10–14 dagane for alpinisten frå Rælingen som allereie har vore på sykkelen etter uhellet.
– Det var flaks i uflaksen. Det er i alle fall slik det ser ut nå. Henrik trår på beinet og smertene er vesentleg mindre enn i går, så det trur eg går bra, seier faren.
Nå håper dei at alpinisten kan komme seg heim til Austerrike når det truleg kjem nye direktiv 15. juni.
Trenar turn for å bli ein betre alpinist
Måndag trena Kristoffersen turn saman med Espen Jansen, som i mange år var Noregs beste turnar.
– Dette er slikt ein må vere fullt førebudd på. Hadde det vore fotball eg trena, hadde det vore tragisk. Når du gjer ei øving for å bli betre på noko, er dette slikt som kan skje. Det kunne skjedd om eg hadde vore ute for å springe i skogen også, sa Kristoffersen etter overtrakket.
VIL UT AV KOMFORTSONA: Henrik Kristoffersen vil trene meir alternativt for å utvikle seg som alpinist.
Foto: Marco Trovati / Marco TrovatiHan trenar turn for å bli betre i alpinbakken.
– Det er for å lære kroppskontroll og andre ting, og å utfordre hovudet med det eg ikkje er heilt komfortabel med og som eg ikkje kan. Når du er toppidrettsutøvar på høgt nivå, er det ikkje så ofte du lærer nye ting, fortalde Kristoffersen.
– Eg var i turnhall i fjor også, men då var det meir alpinspesifikke ting det gjekk på. No er det for å lære å turne. Vi ville prøve noko nytt, å kome ut av komfortsona.
– Er det viktig for di vidare utvikling?
– Framleis er det viktigaste å halde fram med å gjere det som har gjort deg god. Men det er ei god utfordring å gjere noko nytt, ikkje minst for hovudet, meinte Kristoffersen.