NRK Meny
Normal

Kristoffersen på pallen: – Dette hadde eg ikkje drøymt om

Henrik Kristoffersen imponerte med ein sterk andreomgang som gav tredjeplass i storslalåmrennet i Beaver Creek.

Kristoffersen går inn til ledelse i Beaver Creek.

INN TIL PALLPLASS: Sjå Henrik Kristoffersens andreomgang

Verken han eller nokon andre kunne gjere noko med suverene Marcel Hirscher, som var nesten sekundet framfor toar Victor Muffat-Jeandet.

– Dette er første gong eg har gjort, sa Kristoffersen til NRK då han feira med champagne.

– No må eg vel ha både nye briller og ny fartsdress, sa han etter å ha blitt nedspruta av dei edle dropane.

– Eg hadde ikkje drøymt om å vere på pallen i dag. Eg køyrer ok på ski, men bakken her passar ikkje meg spesielt bra, seier han.

«Dritsakte»

Han er ikkje heilt fornøgd med prestasjonen.

– Eg kunne køyrt raskare i første omgang, då hadde eg meir å gå på, seier han om omgangen som han i pausen karakteriserte som «dritsakte».

– Men i andre pushar eg bra heile vegen. Eg bommar litt og mister nokre hundredeler på siste kanten, men det gjorde neppe nokon skilnad, seier Kristoffersen.

Han rosar Marcel Hirscher.

– Han er ein stor idrettsmann. Han er mannen eg vil slå, og det står enorm respekt av det han gjer

Kristoffersen køyrde seg opp frå fjerdeplass etter første omgang, og var 1,31 bak Hirscher. Svenske Andre Myhrer blei slått med ein fattig hundredel.

– Litt feig på toppen

Henrik Kristoffersen

RÅTASS: Henrik Kristoffersen med tommel opp etter ein rå andreomgang som gav pallplass i Beaver Creak

Foto: Tommy Barstein / NRK

– Eg var litt feig på toppen, men elles køyrde eg ein god omgang, sa Henrik Kristoffersen til NRK etter første omgang.

Tre av favorittane skjena ut i første omgang: Thomas Fanara, Ted Ligety og Alexis Pinturault fekk aldri fullføre rennet.

Marcel Hirscher gjorde derimot det. Han hadde startnummer 2, og tida hans i 1. omgang kunne ingen måle seg mot. Og i andre omgang berre auka han og understreka kor suveren han var.

– Det overraska meg, for eg hadde ingen ide om kor godt løpet var, sa han til NRK. – Eg gjrode ein liten feil mot slutten, og var usikker på om det kunne øydelegge, sa han.

Til Europa med privatfly

Men det heldt i massevis for austerrikaren.

Etter løpet tok han privatfly heim til Europa. Han skal førebu seg til renna i franske Val d'Isere neste helg.neste helg.

– Er du føre din sesongplan?

– Ja, det går langt betre enn vi kunne vente, seier mannen som også vann super-G-rennet laurdag. – Du kan ikkje rekne med 200 poeng på to renn.

Leif Kristian Haugen enda på 12.-plass, Kjetil Jansrud vart nummer 15 og Rasmus Windingstad vart nummer 29 og tok sine første poeng i verdscupen.

Resultat:

1) Marcel Hirscher, Østerrike 2.32,58 (1.16,93-1.15,65)

2) Victor Muffat-Jeandet, Frankrike 2.33,56 (1.17,45-1.16,11)

3) Henrik Kristoffersen, Norge 2.33,89 (1.17,45-1.16,44)

4) Andre Myhrer, Sverige 2.33,90 (1.17,27-1.16,63), 5) Felix Neureuther, Tyskland 2.34,07 (1.17,64-1.16,43), 6) Florian Eisath, Italia 2.34,11 (1.17,89-1.16,22), 7) Mathieu Faivre, Frankrike 2.34,19 (1.17,72-1.16,47), 8) Riccardo Tonetti, Italia 2.34,20 (1.18,34-1.15,86), 9) Philipp Schorghofer, Østerrike 2.34,23 (1.18,10-1.16,13), 10) Roland Leitinger, Østerrike 2.34,25 (1.18,90-1.15,35).

Øvrige norske: 12) Leif Kristian Haugen 2.34,71 (1.18,09-1.16,62), 15) Kjetil Jansrud 2.34,87 (1.18,51-1.16,36), 29) Rasmus Windingstad 2.37,11 (1.19,19-1.17,92).

Kjørte ut i 1. omgang: Aleksander Aamodt Kilde.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM sykkel
VM sykkel: Tempo
VM sykkel
Semifinale i cupen, menn
VM-kveld
4-4-2 NM fotball: Semifinale Vålerenga - Sarpsborg 08
Cupen: Semifinale, Vålerenga - Sarpsborg 08
Cupen: Semifinale, Vålerenga - Sarpsborg 08