Hopp til innhold

Henrik Kristoffersen om eige treningsopplegg: – Sanninga er vond til tider

Henrik Kristoffersen går inn sin andre sesong med eige tilpassa treningsopplegg. Han vedgår at det kan vere slitsamt og vondt med brutale tilbakemeldingar frå dei han stolar mest på.

Henrik Kristoffersen

ÆRLEG: Henrik Kristoffersen har etablert seg som ein av verdas beste alpinistar, men vegen dit kan ofte vere brutal.

Foto: Jeff Pachoud / AFP

– Det er ikkje alltid like morosamt når folk står i dørsprekken din heile tida. Kvar ting blir plukka på. Du er den einaste løparen, og du har ingen stader å gøyme deg.

– Dei er der for deg for å sjå på om du gjer ting riktig – eller om du burde gjort noko annleis. Det er tungt til tider, men samtidig det som må til for å halde seg på dette nivået, seier Henrik Kristoffersen til NRK over telefon frå Saas Fee i Sveits.

Alt lagt til rette

Han seier han har inntatt «horisontalen» på hotellsenga etter nok ein dag på ski på breen i rundt 3500 meters høgde i dei sveitsiske alpane. Der har Team Kristoffersen vore på treningsleir sidan 29. august, og der blir han verande til 29. september.

26-åringen går inn i sin andre sesong med eige tilpassa helse- og treningsopplegg. Teamet er på rundt sju-åtte personar og er styrt av pappa og trenar Lars Kristoffersen. Einar Witteween kom inn som trenar i fjor, og blir med også denne sesongen.

Han seier han trivst med opplegget og med folka rundt seg. Han seier alt er lagt til rette for at han skal bli ein best mogleg alpinist. Men i intervjuet med NRK er han også ærleg på at i jakta på å bli best mogleg kan tilbakemeldingane frå trenarteamet vere brutale.

Henrik siger

TRIUMF: Delar av Team Kristoffersen feirar fjorårets siger i prestisjerennet i Schladming. Henrik Kristoffersen saman med pappa Lars Kristoffersen (t.h) og trenar Einar Witteween (lengst til høgre).

Foto: Pier Marco Tacca / AP

– Ikkje alltid like lett

– Eg stolar på dei rundt meg, så då trivst eg, sjølv om det er litt ubehageleg slitsamt og vondt til tider, seier Kristoffersen.

Korleis er tilbakemeldingane?

– Til tider er sanninga vond. Når ting er dårleg får du høyre at ting er dårleg. Men samtidig når ting er bra får du høyre at ting er bra. Og det er bra, for det er det som er vitsen. Det er dette eg er oppvaksen med, at folk seier det slik det er – og er ærlege. Det har brakt meg dit eg er i dag, seier ein open Kristoffersen.

Han fortel at dei fleste tilbakemeldingane kjem frå pappa og trenar Lars og trenar Einar Witteween.

– Kva er dei vondaste tilbakemeldingane du får?

– Det er når du prøvar alt du har – og du ikkje får det til – og framleis får høyre at det er for dårleg. Då er det ikkje alltid like lett, men det er sånn det er. Eg hugsar Christian Mitter (tidlegare landslagstrenar) sa det, og det har fattern sagt også, at å prøve – ikkje alltid er godt nok. Du må faktisk fikse det, og det er jo rett sånn sett, verda er bygd opp på resultat på alle moglege måtar, ikkje berre innan idretten, men også i næringslivet. Det er berre sånn det er, seier Kristoffersen. Han seier også at han er i rute før sesongen som startar med storslalåm i Sölden i Austerrike for kvinner og menn 17. og 18. oktober.

– Gjere det beste ut av situasjonen

Henrik Kristoffersen

NESTE ER DET BESTE: Henrik Kristoffersen seier han først og fremst er opptatt av å køyre best mogleg på ski.

Foto: Martti Kainulainen / AFP

Fjorårssesongen gav triumf i både slalåm- og storslalåmcupen i verdscupen. Rælingen-karen meiner det er eit bevis på at fjorårets satsing med eige opplegg fungerte.

– Eg vann jo to kuler så då er eg ikkje dårlegare enn året før. Eg har køyrt verdscup i åtte-ni år, og skal halde på i alle fall i sju år til. Difor må eg gjere det eg har trua på. Hadde eg ikkje hatt trua – hadde eg prøvd å gjere dette på andre måtar. Men det funkar ganske bra, så då er eg «happy» med det, seier Kristoffersen.

Difor er det så langt ikkje aktuelt å vende tilbake til det «gamle opplegget» og trene saman med resten av landslaget.

– Det har eg ikkje tenkt noko særleg på. Eg prøvar å gjere det beste ut av situasjonen eg er i no. Og akkurat no trivst eg veldig godt. Kva som skjer i framtida er umogleg å seie. Ting kan endre seg på alle moglege måtar. Kvardagen og verda kan endre seg. Men det må eg ta når det kjem, akkurat no trivst eg med det eg gjer, svarar Kristoffersen.

Erfaren

Han debuterte i verdscupen allereie som 17-åring i 2012. Sidan den gongen har han etablert seg som ein av verdas største alpinstjerner.

Totalt er det blitt 62 pallplassar i verdscupen. 21 av dei er sigrar. I 2019 vann han VM-gull i storslalåm. No manglar berre OL-gull og samanlagdsigeren i verdscupen.

Han er etter kvart blitt ein erfaren utøvar. Og seier at han merkar det når han skal starte opp igjen sesongen. Han treng ikkje lenger like mykje tid på snøen for å få tilbake den gode skifølelsen.

Hans argaste konkurrent gjennom mange år Marcel Hirscher la skia på hylla i fjor, 30 år gammal

Henrik og Marcel

KARRIERESLUTT: Henrik Kristoffersen med sin gamle rival Marcel Hirscher. No avslører Kristoffersen når han ser for seg ein mogleg karriereslutt.

Foto: Fabrice Coffrini / AFP

– Mykje kan skje

Til NRK avslører Kristoffersen når han sjølv kan sjå for seg eit karrierepunktum.

– Du skal slite med meg ein del år til, slapp av, det er ingen som skal bli kvitt meg så lett, fleipar han.

– Eg har jo halde på ein del år allereie, men dersom det blir VM i Noreg i 2027 (Narvik) så hadde det vore eit bra punktum, men det står att å sjå. Det er mykje som kan skje. Men eg kjem ikkje til å halde på så mange år etter fylte tretti, og det blir ikkje nærare 40, det kan du berre gløyme, seier Henrik Kristoffersen og ler.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal