NRK Meny
Normal

Kristoffersens utklassing: – Beste eg har sett på mange, mange, mange år

Henrik Kristoffersen bles all motstand av bana i slalåmrennet søndag. Han vann med 1,83 sekund, den største sigersmarginen i verdscupen på 15 år.

Henrik Kristoffersen takla skodda perfekt og vann suverent slalåmrennet i Adelboden, heile 1,83 sekund framfor Manfred Moelgg.

UTKLASSING: Her knuser Henrik Kristoffersen alle i skodda som blir tjukkare og tjukkare (Bilete frå TV2)

Laster innhold, vennligst vent..

Henrik Kristoffersen takla den dårlege sikten suverent best.

– Slik han køyrer slslåm no, er det det beste eg har sett av slalåm på mange, mange, mange år, seier NRKs alpinekspert Paul Arne Skajem.

Det er ingen tvil om at denne karen kjem til å prege slalåmsporten i mange år framover.

Kristoffersen leia med 38 hundredeler etter første omgang då han var heldig med forholda.

Henrik Kristoffersen

KLOKEKLAR SIGER: Henrik Kristoffersen jublar på podiet etter utklassingssigeren

Foto: Alessandro Trovati / AP

Men utover i andre omgang kom tåka sigande, og det var langtfrå god sikt då Henrik Kristoffersen sette utfor. Likevel knuste han alle og var heile 1,83 sekund framfor Manfred Moelgg.

Det er ifølgje statistikkstaden Gracenote den største sigeren i eit slalåm i verdscupen sidan Bode Miller vann med 1,92 sekund 6. januar 2002.

– Eg gav det eg hadde. Det går an å køyre fortare, men ikkje mykje fortare, seier Kristoffersen til TV 2.

Han var 2,19 framfor erkerival Marcel Hirscher, som enda på tredjeplass.

– Ikkje SÅ stor fordel

Kristoffersen vedgjekk at han hadde fordel av forholda i første omgang.

– Men ikkje så stor fordel at han skulle køyre 1,6 sekund dårlegare på grunn av det, sa Kristoffersen.

Det er Skajem samd i.

– Han hadde nok litt flaks med tåka i første omgang. Men utklassinga i andre omgang, der han hadde meir tåke enn andre, vier at guten har ein psyke og ein fysikk som overgår dei fleste.

– Det er så moro å stå på ski. Eg kunne høyre publikum, og det er så gøy å stå på ski her, sa Kristoffersen rett etter målgang.

Henrik Kristoffersen

SÅ GLAD: - Eg har det berre gøy no, jubla Henrik Kristoffersen

Foto: FABRICE COFFRINI / AFP

– Eg prøvde berre å pushe så hardt eg kunne. Eg har det berre gøy. Det er ei fin kjensle, jubla Kristoffersen.

Skajem trur vi kan vente fleire store renn av Kristoffersen die nærmaste vekene.

– No har han rista av seg noko av problematikken omkring det økonomiske, og sportsleg er han heilt rå. Det er fascinerande å sjå kor leikande lett det ser ut, seier Skajem.

Nordbotten frå 30. til tiandeplass

Jonathan Nordbotten starta først i finaleomgangen, og fekk full klaff. Den eine etter den andre måtte melde pass. Han enda på tiandeplass

Men Nordbotten hadde nest beste tid i finaleomgangen, slått med berre to hundreeler av Kristoffersen.

Siste nytt

  • AC Milan vant anken i CAS

    Den italienske storklubben ble utestengt fra Europaligaen av UEFA, for å ha brutt reglene for økonomisk fair play (FFP). AC Milan anket til CAS, som nå ber UEFA finne en annen straff. De anser det som for strengt å nekte «Rossoneri» spill i Europa.

    Italy Soccer Serie A
    Foto: Antonio Calanni / AP
  • Times: Conte saksøker Chelsea

    Antonio Conte har bestemt seg for å gå rettens vei etter at han fikk sparken som Chelsea-manager, melder den britiske avisen The Times.

    Conte krever å få kompensasjon for skaden han mener klubben har påført hans karriere. 48-åringen mener den sene sparkingen har fratatt ham sjansen til å bli ansatt i andre storklubber.

    Antonio Conte
    Foto: David Klein / Reuters
  • Uavgjort for United

    Manchester United spela 1-1 mot meksikanske Club America i Arizona i natt. Det var Uniteds første oppkøyringskamp før sesongstart om tre veker.

    Juan Mata scora Uniteds utlikningsmål 12 minutt før slutt, etter at Club America hadde teke leiinga.

    Juan Mata
    Foto: Christian Petersen / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Tour de France: 13. etappe
Tour de France: 13. etappe
X Games Minneapolis
Sport i dag
Friidrett: Diamond League fra Monaco
Friidrett: Diamond League, Monaco
Friidrett: Diamond League fra Monaco
X Games: Skateboard, street
X Games Minneapolis -- Menn BMX Street Finale | Dave Mirra's BMX Park beste triks
X Games Minneapolis -- Menn Motorcross Quaterpipe High Air Finale | Menn BMX Big Air Finale | Menn Motorcross Freestyle Finale