– Halvmaraton langt framover i tid høyrest ut som ein god idé. Men når det berre er ei veke igjen, så høyrest det ut som ein mindre og mindre god idé for kvar dag eg kjem nærare. For eg er ikkje i ei form som er kompatibel med å springe halvmaraton, seier Ingebrigtsen til NRK.
Når vi intervjuar han, har 32-åringen akkurat sprunge i mål til ny personleg rekord på 3000 meter i Zagreb. Det er sju dagar til han skal gjere noko han aldri før har gjort.
Søndag debuterer nemleg Henrik Børkja Ingebrigtsen på halvmaraton i København, med kona Liva på same startstrek. Han hevdar debuten ikkje er eit signal om at tida som baneløpar er over for europameisteren på 1500 meter frå 2012.
Det er lysta kona Liva hadde til å bli betre som gjer at han no stiller til start i eit 21.097,5 meter langt løp. Slik forklarer ho bakgrunnen:
– Eg har alltid likt å springe, men eg har fått beskjed i ni år om at eg er feiltrent, dårleg trent og spring feil. Og så er eg veldig sta, så eg har ikkje latt Henrik få lov til å prøve å vise at han har rett før for to månader sidan. Da bestemte eg meg for at eg ville springe København halvmaraton, og eg ville springe litt raskare, så eg lét han starte eit treningsopplegg.
– Så hadde eg et lite håp om at Henrik også skulle hive seg med etter kvart, innrømmer Liva.
– Så det var eigentleg sånn eg byrja å tenkje på det. Så tenkte eg «kvifor ikkje, eg har jo ikkje noko å tape». Tenk viss eg spring halvmaraton og kanskje det er gøy. Så veit eg at det kanskje er noko eg kan halde på med i slutten av karrieren, seier Henrik.
- Du kan sjå Købehanvn halvmaraon på NRK1 og NRK TV fra kl. 11.10 søndag
Åtvarar seg sjølv
Etter å ha teke medalje i fire EM på rad frå 2012 til 2018, har Henrik Børkja Ingebrigtsen slite mykje med skadar dei siste sesongane. Også i år har det vore innslag av både skadar og sjukdom.
Likevel har 2023 vore eit steg i rett retning, med personleg rekord både på 3000 og 5000 meter. Han kvalifiserte seg for VM i Budapest.
Ingebrigtsen er no heilt tydeleg på at 5000 meter skal prioriterast fram mot OL i Paris neste sommar. Like tydeleg er han på at moglegheita for å lykkast der heng saman med kor godt han klarer å kontrollere seg sjølv på trening det neste året.
FORANDRING FRYDAR: Henrik Ingebrigtsen byter ut 5000 meter på bane med 21.097,5 meter på asfalt.
Foto: Fredrik Hagen / NTB– Det eg kjenner mest med å bli eldre, er at konsekvensen av å gjere feil på trening er mykje større enn den var før. Då eg var 20, kunne eg springe altfor hardt på trening, og så kunne eg riste det av meg med eit par rolege økter, seier han.
Sånn er det ikkje lenger.
– No tek det potensielt ei veke, eller to veker, å hente seg inn frå ei hard treningsøkt, og ein liten skade tek tre månader i staden for to veker. Så det stiller større krav til at eg bruker hovudet og er smart i treningsarbeidet. At eg ikkje blir blenda av min eigen ambisjon, åtvarar han seg sjølv.
PÅ ASFALT: Henrik Ingebrigtsen har erfaring med gateløp, men har aldri sprunge ein halvmaraton.
Foto: Carina Johansen / NTB– Ikkje veldig ambisiøs
Forsøket på å ta nettopp slike omsyn gjennom sesongen gjer at Ingebrigtsen er temmeleg nøktern før halvmaratondebuten. Fartstrening har vore prioritert framfor kondisjonstrening.
– Viss eg hadde hatt seks månader med kondisjonstrening og terskeltrening inn mot eit sånt løp, så kunne eg vore ganske ambisiøs og gått for ei bra tid. Men no har eg jobba med fart. Så eg er ikkje veldig ambisiøs når eg går inn i det løpet, men eg tenkjer eg tek det som ei utfordring, seier han.
Målet er, enkelt og greitt, å springe så fort han klarer.
– Om det blir 62 eller 63 minutt, det veit eg ikkje. Men viss eg bryt 63, og spring 62 noko, då er eg ganske godt fornøgd.
– Kva tippar du tida blir?
– Eg håpar eg ser 62-talet. Så viss eg skal tippe – det kan jo andre folk også tippe – men eg tippar 62.41, seier Ingebrigtsen.
Klarer Henrik Børkja Ingebrigtsen å løpe halvmaraton på under 63 minutter?
Ja 72%
Nei 28%
Avstemningen er lukket. 7568 stemmer totalt
– Ein større bragd
I så fall lever Sondre Nordstad Moens noregsrekord på 59.48 trygt. Men at det blir personleg rekord, er Ingebrigtsen heilt sikker på.
– Eg kjem alltid til mål. Eg kjem alltid til mål, fastslår han.
– Og tre persar på eit år, det må vere bra jobba, smiler Henrik Børkja Ingebrigtsen.
Liva Børkja Ingebrigtsen har også som mål å sette «pers», men for ho er det ikkje nok å fullføre. I motsetning til mannen, har ho sprunge halvmaraton før, 3-sjøarsløpet i Stavanger. Da sprang ho på i underkant av to timar og ti minutt.
STOR FRAMGANG: Liva Ingebrigtsen har blitt mykje betre til å springe av treningsplanane mannen har sat opp.
Foto: NRK– Viss eg spring saktare enn det, så blir eg sur, men det trur eg ikkje kjem til å skje. Men eg veit ikkje om eg kjem til å nå målet Henrik har sat for meg, for han har sat et eige mål for meg, fortel Liva.
– Og det er?
– 1.45. Viss eg får til det, så blir eg veldig imponert over meg sjølv. Eg trur nesten det er ein større bragd enn at Henrik klarer sitt mål. De som har sett meg springe, vil kanskje vere samd i det, skrattar ho.