Hopp til innhold

Jæger braut Iuels depperegel – i villreie etter EM-skuffelsen

Amalie Iuel gav henne to timar til å deppe etter fjerdeplassen i EM. Det var langt frå nok for Henriette Jæger, som no er i tvil om vegen mot OL.

Amalie Iuel og Henriette Jæger

DEPPA: Både Amalie Iuel og Henriette Jæger har slite med å komme seg over kvar sin EM-skuffelse.

Foto: Heiko Junge / NTB

Det søkk vel sakte, men sikkert, inn at ein må jo på ein måte vere fornøgd. Men eg er svolten på meir, og det kan eg vere ærleg på.

Det seier Henriette Jæger til NRK medan ho ventar på bagasjen på Gardermoen torsdag ettermiddag.

Nesten to døgn har gått sidan ho blei nummer fire på 200-meteren i Roma. Fjerdeplass i EM for ein 20 år gammal debutant høyrest kanskje ikkje ut som noko å vere skuffa over.

Det var det lett å sjå at Jæger likevel var rett etter løpet.

Henriette Jæger

LANGT NEDE: Henriette Jæger trur ikkje ho kjem over fjerdeplassen i EM før ho har tatt ein medalje.

Foto: Vegard Grøtt / BILDBYRÅN

Og lite har endra seg for jenta som hadde smadra noregsrekordane på både 200, 300 og 400 meter i forkant av europameisterskapen.

Eg har tenkt overraskande mykje på det, og det er sånn eg pleiar å vere. Eg slit litt med å sove etter sånne ting, seier Jæger.

Fekk deppefrist

Allereie før ho forlét stadion tysdag kveld, hadde ho fått trøyst av lagvenninnene. Amalie Iuel gav henne også eit velmeint råd.

Amalie sa eg hadde deppefrist på to timar, men eg trur eg har gått litt på overtid av henne. Eg har prøvd å legge det vekk frå meg no, men det berre klaffa ikkje, kjente eg, erkjenner stortalentet.

Les også Nedbrutt Jæger rørt av lagvenninnenes gest: – Hva har jeg gjort for å fortjene dette?

Henriette Jæger ble rørt av lagvenninnene etter fjerdeplassen på 200 meter i EM.

At resultatet blei dårlegare enn ho hadde håpa, og tida kanskje litt svakare enn ho forventa, gjer at ho no står overfor eit vanskeleg val.

Skal ho springe 200 eller 400 meter under OL i Paris i starten av august?

Trenar-mamma Unn Merete Lie Jæger bekreftar at dei er i villreie.

Athletics, Diamond League, Bislett Games 2024

STERK SESONG: Her feirar Henriette Jæger norsk rekord på 400 meter under Bislett Games.

Foto: Vegard Grøtt / BILDBYRÅN

Håpa på klart svar

EM gav ingen svar som gjorde avgjerda enklare.

Eigentleg håpa vi at du hadde tatt direktekravet på 200 meter. Og kanskje sprunge endå litt fortare. Då trur eg det hadde blitt 200 i OL, seier ho til NRK.

Førebels har ikkje Jæger klart OL-kravet på 200 meter, men ho ligg så godt an på verdsrankinga at ho uansett står overfor eit reelt val.

Både mor og dotter er einige om at avgjerda må takast så tidleg at det styrer førebuingane. Viss dei går for 200-meter, er Unn Merete Lie Jæger tydeleg på at fokus må ligge på starttrening – samstundes som det blir mindre uthaldstrening.

2024 European Athletics Championships, day 5

TOK SKULDA: Amalie Iuel sprang Noreg inn til norsk rekord i EM-stafetten, men tok likevel skulda for at det ikkje blei finale.

Foto: Vegard Grøtt / BILDBYRÅN

– Må ta deg saman

Det som er heilt sikkert er at Henriette Jæger spring 4x400 meter stafett i Paris – saman med blant anna Amalie Iuel. Og at Jæger ikkje klarte å halde deppefristen ho fekk, har Iuel stor forståing for.

Det er jo lettare å gi råd til andre enn å følge dei sjølv, seier Iuel, som fortel at regelen stammar frå trenaren hennar, Leif Olav Alnes.

Då stryk han deg med håra, og då skal du få ei skulder å gråte på. Men etter det så må du ta deg saman og tenkje framover, forklarer ho.

Så erkjenner Iuel at heller ikkje ho klarte å følge regelen etter EM-skuffelsen sin.

30-åringen tok all skuld for ei dårleg veksling som førte til at Noreg blei slått ut i semifinalen i EM-stafetten.

Les også Warholm forsvarer Iuel: – Ufortjent mye tyn

OACs7giEqOM

– Deppar framleis sjølv

Eg deppar framleis sjølv, bekreftar Iuel, som ikkje nødvendigvis ser på det som negativt.

Eg trur det er sunt å kjenne litt på at ein kanskje ikkje er heilt fornøgd. Så får ein berre sørge for at ein spring enda fortare neste gong.

Sjølv har ho nå sonen Storm som medisin mot sportsleg depping.

Eg har blitt verdas morosamste, så han ler og ler av meg, og barnelatter må jo vere den beste terapien, tenkjer eg, seier Amalie Iuel.

Henriette Jæger har derimot berre éin ting å fokusere på:

Det er berre å komme seg heim og få trena!

Athletics, Trond Mohn Games 2024. Henriette Jæger

Jægers spyproblem kan få konsekvenser: – Veldig frustrerende

Sportsnyheter

Jostein Gundersen ligger nede etter skade

Reagerer kraftig på manglande regelverk: – Sjokkerande

Eliteserielege blei tatt fullstendig på senga av Noregs Fotballforbund (NFF) sin konklusjon som blei publisert laurdag.

Amalie Iuel utfordret Henriette Jæger til duell.

Iuel utfordra Jæger til duell: – Å tape mot Amalie er noko av det verste

Henriette Jæger blir sur av å tape, sjølv mot Amalie Iuel på trening. Det utnyttar trenarmamma Unn Merete for alt det er verd.

RBK-LSK

Supportertalsmann om VAR-markeringer: – Overrasket hvis Eliteserien blir ferdigspilt i år

Mandag møtes lederne i landets supporterklubber for å diskutere neste steg i kampen mot videodømming.

Siste nytt

  • Sarpsborg henter dansk angrepsspiller

    Danske Frederik Carstensen (22) har signert en kontrakt med Sarpsborg som strekker seg ut 2028-sesongen.

    Det bekrefter klubben på sine nettsider.

    – Jeg er en offensiv spiller som kan bekle de fleste offensive posisjoner. Jeg kommer med masse fart og er god i én-mot-én-situasjoner, så håper jeg å kunne bidra med scoringer og assist, sa dansken.

    Carstensen kommer fra Silkeborg, hvor han har spilt hele sin profesjonelle karriere. De siste sesongen har han vært på utlån til Fredericia.

    – Carstensen er en spiller med fart og intensitet i spillet sitt. Det er trøkk og poeng i ham, sier Sarpsborgs sportssjef Bjørge Øiestad.

    Sarpsborg fikk en tung start på sesongen, men etter at Christian Michelsen erstattet Stefan Billborn som hovedtrener, har østfoldingene kommet seg over nedrykksstreken. (©NTB)

    Sarpsborg-trener Christian Michelsen.
    Foto: NTB
  • Tennisstjernen Andy Murray legger opp etter OL

    Den 37 år gamle briten bekrefter selv at OL i Paris blir karrierens siste tennisturnering.

    – Å konkurrere for Storbritannia har vært de klart mest minnerike ukene i min karriere, skriver Murray på X.

    – Jeg er ekstremt stolt over å kunne gjøre det én siste gang, fortsetter han.

    Murray er en av de mest suksessrike tennisspillerne de siste 15 årene. Skotten tok OL-gull i både 2012 og 2016, i tillegg til at han har vunnet Wimbledon to ganger og US Open én gang.

    Karrierens siste turnering for 37-åringen begynner med 1. runde i herrenes OL-konkurranse lørdag eller søndag. OL-finalen på Roland Garros-banen i Paris spilles søndag 4. august.

    Murray har også planer om å delta i dobbelturneringen i Paris. Også den begynner til helgen, med OL-finale lørdag 3. august.

    Andy Murray på trening før OL i Paris
    Foto: Claudia Greco / Reuters
  • Snoop Dogg skal bære den olympiske ilden

    Den amerikanske rapperen Snoop Dogg er en av de utvalgte til å bære den olympiske ilden når den tar sine siste runder før Paris-lekenes åpningsseremoni.

    Han skal bære den gjennom gatene i Saint-Denis, den etnisk mangfoldige Paris-forstaden, som er hjemmet til Olympiastadion og vannsportsenteret. Det opplyste ordfører Mathieu Hanotin til AFP.

    Andre fakkelbærere i Saint-Denis fredag er den franske skuespillerinnen Laetitia Casta, den franske rapperen MC Solaar og den ukrainske tidligere stavhopperen Sergej Bubka.

    Den olympiske ilden har brukt to måneder på å krysse Frankrike. Fredag ​​morgen skal den bæres gjennom utøverlandsbyen som ligger på grensen mellom Saint-Denis og Saint-Ouen, før den tar turen videre til Olympiastadion og vannsportsenteret noen kilometer unna.

    Snoop Dogg ble født i Los Angeles, byen som skal arrangere de neste lekene i 2028.

    Fakkelstafetten er ikke rapperens eneste opptreden under lekene i 2024, da han også skal være OL-kommentator for den amerikanske TV-stasjonen NBC. (NTB)

    Snoop Dogg
    Foto: Charlie Neibergall / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal