NRK Meny
Normal

Lett for dei beste

Begge topprangerte spelarane gjekk søndag lett vidare til kvartfinalene i French Open i tennis.

Justine Henin
Foto: VINCENT KESSLER / REUTERS

Justine Henin, som også er tittelforsvarar, slo Sybille Bammer 6-2, 6-4, og vann sin 18. strake kamp i turneringa.

Ho møter Serena Williams i kvartfinalen. 

Verdstoar Maria Sjarapova var ille ute mot Patty Schnyder, som hadde tre matchballar. Men Sjarapova avviste dei alle, og serva seg sjølv til siger over den sveitsiske veteranen, som deltar i si 44. Grand Slam-turnering. Sjarapova vann til slutt 3-6, 6-4, 9-7.

I klassen for menn slo Roger Federer Mikhail Joutsjny 7-6 (7-3), 6-4, 6-4, og møter Tommy Robredo i kvartfinalen.

Han tangerte dermed John McEnroes rekord på elleve strake Grand Slam-sigrar utan å tape sett.

 

 

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
EM feltritt: Terreng
EM feltritt: Terreng
Terreng
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune
Eliteserien: Lillestrøm - Vålerenga
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 Eliteserien fotball: Lillestrøm - Vålerenga
Toppidrettsveka