Hopp til innhold

Helland spår stor framtid for Haalands LSK-fetter: – Trur han blir ordentleg god

LILLESTRØM (NRK): Han er fetteren til Erling Braut Haaland, og søndag kveld skåra Jonatan Braut Brunes (20) sitt første eliteseriemål. Det trur lagkompis Pål André Helland vi får sjå meir av framover.

Jonathan Braut Brunes

NY STORSCORAR? Jonatan Braut Brunes fekk berre nokre få minutt på bana for LSK søndag kveld, men dei brukte han godt.

Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRK

– Han er ein spelar eg trur blir ordentleg god. Veldig spennande spelar, seier Pål André Helland.

Den tidlegare RBK-spelaren fekk sjølv debuten sin for LSK i eliteserien søndag kveld, og det enda med eit smerteleg 1–3-tap mot Viking.

Men LSKs trøystemål vart altså skåra av ein ung mann med eit kjent slektsnamn, Jonatan Braut Brunes.

– Spennande fysikk

Fire minutt på overtid fekk 20-åringen tak i ballen like utanfor sekstenmeteren, og hamra den rett i mål på kraftfullt vis. Og ja, det heile kunne minne om korleis ein viss annan spiss pleiar å gjere det.

2RPPJvAAitk

Også Braut Brunes er ein høgreist angrepsspelar.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

– Den dett ned rett før sekstenmeteren der, så då var det berre å snu seg og få vridd han i hjørnet, beskriv Braut Brunes sjølv.

– Eg er ikkje noko fornøgd med at vi ikkje tok tre poeng, men eg vil jo prøve å få markert meg og bidra til at vi kan få eit mål eller to, legg han til.

Erling Braut Haalands fetter kom til LSK i fjor etter storspel for Florø i 2. divisjon, der han skåra ti mål på 13 kampar. Som fetteren sin er han ein angrepsspelar av den muskuløse og høgreiste typen. Han er 1, 88 høg, seks centimeter lågare enn Haaland. Målet på søndag var hans første i eliteserien, og han hadde berre vore på banen i fire minutt då han skåra.

adrYOuX6r9o

Pål André Helland fekk LSK-debuten sin mot Viking.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Helland fortel at han la merke til Braut Brunes med det same han kom til LSK.

– Han er talentfull og har utruleg spennande fysikk. Så har han òg ein bra personlegdom, så eg meiner han kan nå langt. Han har vi mykje glede av her i LSK, rosar trønderen.

Snakkar ofte med Haaland

Konfrontert med rosen frå Helland, svarer Braut Brunes i same stil som fetteren sin: Ganske kort.

– Det er kjekt at han tykkjer det, seier han og smiler.

Han smiler òg då han får spørsmål om han kanskje allereie er i ferd med å bli litt lei av å bli mint på at han har ein kjend fetter.

– He-he. Nei da. Eg konser ikkje så mykje på det, seier han.

mWMFIaDLnEw

Braut Brunes har tidlegare sagt at Erling Braut Haaland er ein god sparringspartnar for han, og at dei mellom anna diskuterte overgangen til LSK.

Foto: INA FASSBENDER / AFP

– Snakkar de mykje saman?

– Ja, veldig, vi snakkar mykje saman, men mest om ting utanom fotball.

– Så ikkje så mykje om korleis skåre mål og slikt?

– He-he, nei, ikkje så mykje sånt, seier han, før han ruslar vidare i pressesona.

Braut Brunes har signert ein avtale med LSK som strekkjer seg til 2023. Han har Braut Haalands far, Alf Inge Haaland, som agent, akkurat slik som Dortmund-stjerna sjølv har.

Mot Viking kom Braut Brunes inn som innbytar. Han konkurrerer om speletida med ein erfaren og tiltrudd spiss i Thomas Lehne Olsen.

LSK har elles fått ein trå start på eliteserien, med to strake tap mot Strømsgodset og Viking, begge med resultatet 1–3.

  • PS! Erling Braut Haaland har nok ein fetter i ein eliteserieklubb. 17 år gamle Albert Braut Tjåland er for tida i Molde, og speler ungdomsfotball der. Også han speler spiss.

Siste nytt

  • Højlund punkterte kampen – reddet Manchester United

    Danske Rasmus Højlund avgjorde for Manchester United da han satte 4–2 mot Sheffield United etter fremspill av Bruno Fernandes.

    Portugiseren ble kampens store spiller for de rødkledde vertene.

    Han utlignet til 2-2 fra straffemerket etter en time, og 20 minutter senere knallet han inn 3–2 fra distanse.

    Før hvilen sto Fernandes også for frisparket som et par trekk senere ga Manchester Uniteds første utligning.

    Hjemmelaget dominerte banespillet tungt og kom til flere store sjanser, men gikk likevel til pause på 1-1.

    En fæl feilpasning fra vertenes keeper André Onana ga Jayden Bogle muligheten til å snappe ballen, gå på løp og score fra skrått hold.

    Ledelsen varte ikke lenge. Sju minutter senere stusset Harry Maguire inn utligningen.

    Tidlig i 2.-omgangen ble Old Trafford-publikummet rystet igjen. Ben Brereton Diaz sørget for at det sto 1-2 på lystavla etter fine Sheffield United-kombinasjoner.

    Manchester United tok seg opp til 6.-plassen med onsdagens seier. Klubben har kun vunnet to av sine åtte siste kamper i Premier League.

    Helst sist ligger Sheffield United med sine 16 poeng fra 34 kamper. Dert er ti poeng opp til riktig side av nedrykksstreken. (NTB/NRK)

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Nedregotten og Skaslien
    Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP
  • Kolstad tok første stikk i semifinalen mot Drammen

    Kolstad gikk hardt ut på vei mot 32-26-seier over Drammen i lagenes første semifinalekamp i håndballsluttspillet.

    Seriemesteren ledet med fem mål i egen hall før DHK noterte sitt første. Bortsett fra en kort periode tidlig i 2.-omgangen ble duellen aldri spennende og Kolstad vant med seks mål.

    Semifinalen spilles i best av tre oppgjør. Kolstad kan avgjøre serien med borteseier mandag.

    Den andre semifinalen er mellom Elverum og ØIF Arendal.

    Kolstad er regjerende sluttspillmester. Inntil fjorårets finaletap hadde Elverum vunnet turneringen ni ganger på rad. (NTB)

    REMA1000-ligaen: Kolstad-Elverum 29–28.
    Foto: Ole Martin Wold / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal